100 offshoredesign fra Ulstein

Publisert: 31.10.2013
ulstein-311013.jpg
5 design


Med den siste designkontrakten for to nye plattformforsyningsfartøy (PSV) for Vroon Offshore Services passerte Ulstein 100 selte offshoredesign. Milepælen har ein nådd etter 14 år med nye Ulstein, og 74 av kontraktane er inngått på skip med X-Bow designen som vart lansert i 2005.

Tala som skjuler seg bak dei 100 designa vitnar om allsidigheit og eit breitt samarbeid. Totalt har 25 ulike reiarlag kjøpt design frå Ulstein og skipa er bygde ved 16 ulike verft. Medan 38 skip er bygde ved Ulstein Verft, er 62 bygde ved andre verft.

– Vi har selt 100 design sidan vi starta med nye Ulstein-design i 1999 og eg ynskjer å takke alle som har bidrege i løpet av desse åra.  Dette er ein viktig milepæl som gir inspirasjon til å stå på for å utvikle konkurransedyktige, spennande design for framtida, kommenterer Tore Ulstein, visekonsernsjef i Ulstein Group.

Den nyaste kontrakten på design og utstyr til to PSV-skip av typen PX121 (skip nummer 100 og 101) vart inngått med verftet COSCO (Guangdong) i Kina som skal bygge dei for Vroon Offshore Services i Nederland. Skipa er tiltenkte å jobbe i europeiske farvatn og Vroon Offshore Service sin administrerande direktør, Jan-Piet Baars, kommenterer: – PX121-designen er av den nye generasjonen PSV-ar, og utmerker seg spesielt i krevjande miljø. Desse skipstypane kan skilte med ein eineståande kombinasjon av kapasitet, høg effektivitet og ein imponerande komfort for mannskapet om bord.

– Ulstein har nær 100 års erfaring i å bygge skip. Ulstein Verft er kjende for å bygge avanserte spesialfartøy og prototypar. Med eit verft innan konsernet kan vi tilby utprøvde designvariantar, system og løysingar, noko som reduserer prosjektrisiko og er viktig for å vinne kontraktar internasjonalt. Dette er tilfelle med kontrakten for Vroon, der dei første seks skipa i designserien vart bygde ved eige verft, medan tilpassa versjonar er selde for bygging ved eksternt verft, seier Tore Ulstein.

– Ulstein investerer årleg over 100 millionar kroner i innovasjon og nyskaping. For å kunne halde fram med dette, er det viktig at vi lykkast med å skape verdiar både nasjonalt og internasjonalt, understrekar han.

– Sal av design og utstyrspakkar gir ringverknader i regionen, både når det gjeld design og utvikling, men ikkje minst for sal av utstyr og tenester. Eit prosjekt omfattar ofte svært store verdiar. Sidan vi starta med eigne design, har vi selt design- og utstyrspakkar internasjonalt for over 5 milliardar kroner. Av dette får vi ei regional og nasjonal verdiskaping (kontraktsverdi til norske leverandørar) på over 70 %. For byggeprosjekt ved Ulstein Verft er verdiskapinga for norske leverandørar om lag 90 %.

Kim

Relaterte artikler