News
Ulstein vann innovasjonspris
Published: 07.12.2015
Ulstein Equipment B.V. vart heidra med IRO Oil & Gas sin innovasjonspris for Ulstein Colibri, eit produkt til bruk på tuppen av ei kran, og med eit 3D-rørslekompensert handteringssystem for å auke operasjonsevna til eit fartøy. Dette gjer at mindre og meir kostnadseffektive fartøy kan bli nytta ved dårlege vêrtilhøve.
Torsdag 3. desember 2015 vart IRO Oil & Gas Innovation Event arrangert i Nederland. På dette arrangementet fekk tre førehandsutplukka selskap presentere innovasjonane sine. Deltakarane på arrangementet valte selskapet Ulstein Equipment som vinnar med sin Ulstein Colibri.
Ulstein Colibri kan monterast på tuppen av ei kran. Dette kostnadseffektive og kompakte tilleggsutstyret for kraner kan bli montert på standardkraner, både nye og eksisterande. Det elektrisk drivne systemet har effektivt kraftforbruk, og høver godt til arbeid for offshorevindindustrien og olje- og gassmarknaden.
Kompensasjonsteknologi for 3D-rørsler er ikkje nytt i industrien og har gitt auka operasjonsevne for personelloverføringar mellom fartøy og fastmonterte offshoreplattformar ved å bruke rørslekompenserte gangbruer.
Det typiske er at operasjonar vil krevje at både personar og gjenstandar må passere mellom fartøyet og plattforma. Det neste naturlege steget for å auke operasjonsevna er difor rørslekompenserte overføring av last for å samsvare med den auka operabiliteten ein får med kompenserte gangbruer.
Ulstein Equipment vart også tildelt IRO sin innovasjonspris i 2013 for deira Chain-Type Stinger Handling System. IRO står for: Association of Dutch Suppliers in the Oil and Gas Industry.
Related articles
-
Designkontrakt til Ulstein
04.06.2025 -
-
Ulstein med gode tal for 2023
24.06.2024 -
Ulstein har utvida designporteføljen
28.11.2023 -
Fugro vel Ulstein for redesign og ombygging
26.09.2023 -
Ny kontrakt på to CSOV-skip frå Ulstein
06.07.2023 -
Brim - hybridbåt med undervannsdrone
19.11.2019 -
Nybyggkontrakt til Ulstein Verft
07.02.2018 -
Ulstein ferdigstiller offshorevindskip
16.11.2017 -
Fleire cruiseskip frå Ulstein
31.05.2017 -
Storkontrakt til Ulmatec
03.02.2017 -
Ulstein Verft skal bygge hybridgigant
25.01.2017 -
Ulstein fekk kontrakt på yacht
04.11.2016 -
Ulsteinbygg på prøvetur
10.06.2016 -
Idar Ulstein klar for oppdrag
27.11.2015 -
Godt resultat for Ulstein Group
13.05.2015 -
Ny kontrakt til Ulstein
13.01.2015 -
Solide tal for Ulstein
29.04.2014 -
To nye oppdrag til Ulstein Verft
24.02.2014 -
Gode tal for Ulstein
25.04.2013 -
Ulstein overraska med nytt brukonsept
29.08.2012 -
GC Rieber kontraherer hos Ulstein
01.06.2012 -
Ulstein bygger to til seg selv
20.12.2010 -
Kjemperesultat frå Ulstein Group
12.03.2010