Nyheter
Avtale om bygging av verdas største gassferje
                                            Publisert: 22.06.2010
                                        
                                    Fjord1 har inngått kontrakt med Fiskerstrand BLRT AS om prosjektering og bygging av verdas største gassferje. Ferja vert levert 30. november 2011 og sett inn på Boknafjorden i sambandet Arsvågen – Mortavika i Rogaland – og skal i tillegg fungere som reservefartøy på Halhjem-Sandvikvåg sambandet i Hordaland. Trafikken i desse ferjesambanda har auka svært mykje sidan Fjord1 tok over driftsansvaret i januar 2007.
Den nye gassdrivne ferja er designa av Multi Maritime AS i Førde og får ein total lengde på 129,9m, ei største bredde på 19,2m og ein kapasitet på 242 personbilar og/eller 22 vogntog i kombinasjon med personbilar.
Kontrakten er vunne i ein hard europeisk verftskonkurranse.
– Det er svært hyggeleg å vinne ein slik hard anbodskonkurranse og vite at vi er konkurransedyktige i høve andre europeiske verft, seier adm. dir. i Fiskerstrand BLRT, Rolf Fiskerstrand.
Konsernsjef i Fjord1, Leif Øverland påpeikar at den nye ferja vil gi en ny kvardag for brukarane av sambandet.
Dette er ein gledens dag for trafikantane. Med denne tredje ferja i operasjon på Boknafjorden sikrar vi 20-minuttsavgangar – samanlikna med kvar halvtime som er dagens løysing.
Godt over to millionar privatbilar og godsbilar brukte sambanda i 2009, og utan den nye ferja ville køane blitt uhaldbare i tida framover. Sambanda Arsvågen-Mortavika og Halhjem-Sandvikvåg er to av dei tre mest trafikkerte strekningane i landet, med 3,9 millionar PBE i 2009. Ved planlagde verkstadopphald og driftsproblem elles skal ferja også vere reservefartøy for Bjørnefjorden. Sambanda vil då gå etter rutetabell som gjeld i dag.
Øverland viste til at dette er også er ein stor dag for miljøet, ettersom dei naturgassdrivne ferjene er svært miljøvenlege med redusert NOx utslepp på om lag 90%.
Det at styresmaktene har sterkt fokus på miljøvenlege former for energibruk i anbodssamanheng er svært gledeleg, seier Leif Øverland, konsernsjef i Fjord1.
Fjord1, som sette i drift verdas første gassferje Glutra i Møre og Romsdal i 2000, er framleis åleine i marknaden på drift av bilførande gassferjer. Ferjesambanda på Kyststamvegen i Rogaland og Hordaland har sidan 2007 blitt trafikkert av fem slike ferjer frå Fjord1. Denne tredje ferja på Arsvågen-Mortavika – som også skal avlaste Halhjem-Sandvikvåg – vert såleis den sjette gassferja i dette området. Fjord1 vil i løpet av 2011 ha 12 gassferjer i drift langs norskekysten – som gjer selskapet leiande i verda.
Det er plass til 600 passasjerar inkl. mannskap og den en skal byggast iht. Det Norske Veritas sin klasse +1A1, Car ferry A, gas fuelled, Clean, RPS, EO, R3 (NOR). Den får ein dødvekt på vel 1300 tonn og blir på vel 7000 bruttoregistertonn. Ferja vert utrusta med 4 azimuth thrustere som drivast av et gass-elektrisk anlegg beståande av 3 store LNG gass motorar og vekselstrømgeneratorar. Gassmotorane vil gje ein servicefart på ca. 20 knop.
Relaterte artikler
- 
                                                            Fjellstrand får ferjekontrakt06.06.2025
- 
    
- 
    
- 
                                                            EU-gjennombrudd og rekordkontrakt18.02.2022
- 
                                                            Westcon bygger verdens første hydrogenferje23.05.2019
- 
                                                            Ombyggingskontrakt til Baatbygg AS15.02.2019
- 
                                                            Gigantkontrakt til Havyard05.03.2018
- 
                                                            Skal bygge elektrisk ferje til Boreal05.01.2018
- 
                                                            Vant storkontrakt på nye ferjer09.06.2017
- 
                                                            Ny miljøferjekontrakt til Fjellstrand29.05.2017
- 
                                                            Torghatten Nord bestiller nye ferjer15.05.2017
- 
                                                            Havyard bygger verdens største brønnbåt02.05.2017
- 
                                                            Fergekontrakt til Vard Brevik10.01.2017
- 
                                                            Tre nye ferger til Fjord 1 fra Havyard20.12.2016
- 
                                                            LMG Marin design på ny ferje29.11.2016
- 
                                                            Ferjekontrakt til Fiskerstrand Verft27.05.2016
- 
                                                            Ferjekontrakt til Fiskerstrand03.07.2015
- 
                                                            Norsk Fisketransport kontraherer hos Havyard17.12.2013
- 
                                                            Fjellstrand bygger batteriferge12.11.2012
- 
                                                            Ny kontrakt til Fjellstrand10.10.2012
- 
                                                            Bergen Group bygger om cruiseferger til gass23.07.2012
- 
                                                            Verdens største gassferge23.01.2012
- 
                                                            Gasnor fekk storkontrakt19.03.2009
- 
                                                            Kontrakt til Fiskerstrand Verft04.02.2009
- 
                                                            Fergekontrakt til Fiskerstrand17.04.2008
