Blue Power levert frå Ulstein

Publisert: 06.03.2013
ULSTEIN_PX121_Blue_Power-060313.jpg
ULSTEIN PX121 Blue Power


Ulstein Verft leverte «Blue Power», det tredje av seks mellomstore plattformforsyningsfartøy (PSV) av designen PX121 frå Ulstein til Blue Ship Invest, onsdag 6. mars 2013. – Erfaringane vi gjorde oss under bygginga av dei første to fartøya i denne serien og innsatsen frå alle dei involverte har bidrege til veldig god flyt i dette prosjektet, seier Sindre Rotevatn, konstituert administrerande direktør i Ulstein Verft.

Blue Ship Invest, eit heileigd selskap i Ulstein Group, har inngått avtale med Atlantic Offshore om kommersiell og teknisk drift av «Blue Power». – Vi er godt nøgde med denne avtalen. Dei særs positive tilbakemeldingane på «Blue Fighter» og «Blue Prosper» gjer at vi har store forventningar til «Blue Power», seier Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group og administrerande direktør i Ulstein Shipping.

Effektivitet og fleksibilitet har vore i fokus under utviklinga av PX121. Med optimale tankkapasitetar og fleksible tankarrangement er det multifunksjonelle fartøyet høveleg for mange forskjellige serviceoppdrag. Skipet er tilpassa behova for djupare og lengre borehol og operasjonar lengre frå land. I tillegg til tankar for drivstoff, ferskvatn og borevæsker, har skipet fire tankar for brannfarlege væsker.

Skipet er bygt med X-Bow skroglinjeform, ei form som er særs godt eigna for denne type fartøy. X-Bow gir effektivitetsfortrinn ved ulike djupgangar, noko som er spesielt viktig for PSV-fartøy, då dei går med varierande mengde last. I tillegg har X-Bow unike fordelar i form av mjuke rørsler og framdriftseffektivitet i grov sjø. Både skrog og framdriftssystem gjer fartøyet spesielt godt tilpassa forholda i Nordsjøen og Nord-Atlanteren. Skipet er utstyrt med dynamisk posisjoneringssystem IMO klasse II.

Skipet er 83,4 meter langt og 18 meter breitt. Dekksarealet er 850 kvadratmeter og lastekapasiteten er på 4200 dødvekttonn. Skipet oppfyller DNV sine krav til notasjonen Clean Design og er forberedt for brannsløkking Fi-Fi-klasse II. Fartøyet har ei maksimumsfart på omlag 16 knop og lugarkapasitet for 24 personar.

Ulstein Power & Control har levert dei elektriske systema til skipet, blant anna kraftdistribusjons- og elektrisk propulsjonssystem, informasjons- og kommunikasjonssystemet Ulstein Com, modulære konsollar og integrerte navigasjonssystem og det integrerte automasjonssystemet Ulstein AIS. Dei tre resterande fartøya skal leverast seinare i år og alle seks skipa er til sals.

Les meir om «Blue Power» i Maritimt Magasin nr. 4 som kjem ut i april. «Blue Power» blei døpt 27. februar.

Kim

Relaterte artikler