Nyheter
Blue Thunder er levert
                                            Publisert: 13.05.2013
                                        
                                    Ulstein Verft leverte Blue Thunder, det fjerde av seks mellomstore plattformforsyningsfartøy av designen PX121 frå Ulstein til Blue Ship Invest, måndag 13. mai 2013.
Blue Ship Invest, som er eit heileigd selskap i Ulstein Group, har inngått ein driftsavtale med Atlantic Offshore på plattform forsyningsfartøyet (PSV). Blue Thunder skal inn på ein fire-månaders kontrakt med Statoil, med ytterlegare fire månadlege opsjonar.
– Vi har fått gode tilbakemeldingar frå operatørane på dei tre systerskipa, og er svært nøgde med at også dette skipet går inn på fast kontrakt i Nordsjøen, seier Gunvor Ulstein, konsernsjef i Ulstein Group og administrerande direktør i Ulstein Shipping. Ho legg til at dei to resterande fartøya også skal leverast i 2013, og alle seks skipa er til sals.
PX121-designa skip vert i nordsjøsamanheng rekna som mellomstore. Skip med denne designen har ein optimal kombinasjon av drivstoffeffektivitet og dødvekt (lastekapasitet). Dei har kapasitet og yting som ligg nær segmentet for større PSV-ar, men til ein kostpris som gir god økonomisk vinst.
Skipa er bygde med X-Bow skroglinjeform som gjer at dei er effektive ved ulike djupgangar, noko som er viktig for PSV-fartøy som går med varierande mengder last. I tillegg har X-Bow unike fordelar i form av mjuke rørsler og framdriftseffektivitet i grov sjø. Både skrog og framdriftssystem gjer fartøyet spesielt godt tilpassa forholda i Nordsjøen og Nord-Atlanteren.
Blue Thunder er 83,4 meter langt og 18 meter breitt og kan gjere ei maksimumsfart på om lag 16 knop. Skipet har ein lastekapasitet på 4100 tonn (dwt), og dekksarealet er 850 kvadratmeter med ei dekkslast på 2200 tonn. I tillegg til tankar for drivstoff, ferskvatn og borevæsker, har skipet fire tankar for brannfarlege væsker. Blue Thunder har lugarkapasitet for 23 personar. Det er utstyrt med dynamisk posisjoneringssystem IMO klasse II og oppfyller DNV sine krav til notasjonen Clean Design.
Ulstein Power & Control har levert dei elektriske systema til skipet, blant anna kraftdistribusjon og elektrisk framdriftssystem, informasjons- og kommunikasjonssystem (Ulstein COM), modulære brukonsollar, integrerte navigasjonssystem og integrert automasjonssystem (Ulstein IAS).
Les meir om Blue Thunder i Maritimt Magasin nr. 6 som kjem ut 6. juni.
Relaterte artikler
- 
    
- 
    
- 
                                                            USV AS bestiller første ubemannede fartøy18.07.2023
- 
                                                            To skip på to dager fra Havyard Leirvik25.06.2021
- 
                                                            Ulstein har levert Nexans Aurora01.06.2021
- 
                                                            Stormhav - Båten ser bra ut02.06.2020
- 
                                                            Storordre på thrustere06.03.2020
- 
                                                            Fridtjof Nansen overlevert20.12.2019
- 
                                                            Går sommeren i møte med kjempekontrakt04.07.2018
- 
                                                            Endelig levert08.08.2017
- 
                                                            Første brønnbåt fra Kleven-konsernet24.03.2017
- 
                                                            Brønnbåten Namsos døpt15.02.2016
- 
                                                            Namsos levert til Norsk Fisketransport22.12.2015
- 
                                                            Ulstein har levert Blue Queen24.02.2015
- 
                                                            Avtaler for nybygg frå Ulstein18.11.2014
- 
                                                            FS Stormy døpt i helgen31.03.2014
- 
                                                            Subseakjempe til Siem Offshore24.02.2014
- 
                                                            To nye oppdrag til Ulstein Verft24.02.2014
- 
                                                            Flytende kunstgalleri28.01.2014
- 
                                                            Havyard klar til utrustning av brønnbåt21.11.2013
- 
                                                            Ulstein sel alle Blue Ship-fartøya01.11.2013
- 
                                                            Nybygg fra Ulstein skal driftes av Atlantic07.08.2013
- 
                                                            Kongsborg døpt i Stavanger17.06.2013
- 
                                                            Blue Power levert frå Ulstein06.03.2013
- 
                                                            Ulstein leverer Blue Prosper06.09.2012
- 
                                                            Oceanic Sirius er overlevert04.10.2011
- 
                                                            KL Saltfjord er levert14.05.2011
