Nyheter
Bourbon Front sjøsatt
Bourbon Offshore Norway har under bygging fire plattform forsyningsfartøy av typen Ulstein PX105 i Kina. Det første, Bourbon Front byggnummer DH1001, vart sjøsett 28. august. - Desse skipa er så effektive at det vil krevje mykje å gjere det betre, hevdar nybygg- og prosjektsjef Bjørn Bergsnes i Bourbon Offshore Norway.
Dei fire fartøya som no er under bygging ved Zhejiang Shipbuilding Co. Ltd. i Ningbo i Kina er av typen ULSTEIN PX105 frå Ulstein Design.
- Skipa kjem til å bli dei mest avanserte forsyningsfartøya som nokon gong er designa og bygde. Dette kjem av den avanserte cargoløysinga om bord, fortel prosjektleiar Inge Sleipnes frå Ulstein Design, og Bergsnes utdjupar påstanden:
- Skipa er designa i høve til Bourbon Offshore Norway sine krevjande spesifikasjonar, og er så effektive at det vil krevje mykje å gjere det betre. Standardløysing på forsyningsfartøy er dedikerte tankar, det vil seie tankar som berre kan ta få typar last. Dette krev veldig mykje plass om bord, og er ei enorm ressurssløsing. Vi nyttar bl.a. dei såkalla MACS-tankane som kan kombinere tørrbulk med flytande bulk: Medan vanlege forsyningsfartøy typisk fraktar seks-sju ulike typar last, vil desse skipa på éin gong kunne frakte 21 ulike produkt. Skipa kan ta eit mykje større produktspekter, og det gir større fleksibilitet, fortel han.
- Skipa har åtte MACS-tankar om bord, og fire av desse er i tillegg low flashpoint-tankar, det vil seie at dei kan frakte brannfarleg innhald. I tillegg er der 12 vanlege tankar. Alle tankane har kvar si pumpe, det gjer at ein kan losse tankane uavhengig av kvarandre, og ein kan bruke kvar sitt rørsystem. Det gjer lossinga meir sikker og effektiv, seier Bergsnes.
- Innan brannsikring, er skipa utstyrte med FiFi klasse I, der brannsløkkingskanonene er plassert heilt bak på hekken. Med denne plasseringa betrar vi sikkerheita for skipet og mannskapet og vi får bedre oversikt over sløkkinga, fortel Inge Sleipnes.
- Ein må også nemne eksossystemet på skipa. Vi nyttar Mecmar sitt system som kjører eksosen ned i vasslinja. Dette frigjer plass i innreiinga fordi vi slepp eksosrøra, det vert stillare, og ein får 360 graders utsikt frå eitkvart punkt på brua. Utan eksosrør i innreiinga, med superstille sidethrusterar, Ulstein X-Bow og nøye planlagt innreiing vil desse fartøya gje best mogleg komfort for mannskapet. Katalysator gjer at NOx-utsleppa går ned, og andre avgassar som normalt går ut i luft, blir no delvis blanda ned i sjøen, fortel Bergsnes.
- På miljøsida kan ein òg nemne at hamnegeneratoren står i eit eige rom i maskinrommet. Dette betrar service og vedlikehaldsforholda når skipet ligg ved kai, grunna redusert støy i maskinrommet, seier Sleipnes.
- Zhejiang Shipbuilding Co. Ltd byggjer mange skip for Bourbonkonsernet, og har ingen vanskar med å byggje skip med Ulstein X-Bow, dei første i Asia. Verftet har bygd fire Ulstein P105 tidlegare, der det siste vart levert før jul i fjor. Desse skipa fungerer godt, og vi har stor tiltru til dette byggeprosjektet, seier Bergsnes.
Bourbonkonsernet har 25 tilsette ved verftet, og Bourbon Offshore Norway har to plassjefar der som trekker på desse ressursane under nybyggingsperioden. DnV sin organisasjon i Ningbo er òg til stor hjelp under byggeperioden. Ulstein Group har også fleire tilsette på staden.
Foto: Bourbon Offshore Norway.
Relaterte artikler
-
Bourbon Arctic døpt
16.06.2016 -
Bourbon Arctic ut på prøvetur
06.01.2016 -
Vard bygger for Bourbon
10.02.2014 -
Bourbon selger to fartøy
15.11.2013 -
Seatankers fikk sitt tredje Ulstein-skip
20.08.2013 -
Kongsborg døpt i Stavanger
17.06.2013