Brunvoll med nye avtalar

Publisert: 17.08.2018
hordagut_fitjar_heimli_brunvoll.jpg
Hordagut byggast av Fitjar Mek. for Hordalaks AS. Illustrasjon: Heimli Ship Design
Brunvoll har signert kontraktar på leveranse til både sightseeingbåt og brønnbåt den siste tida.


Brunvoll Mar El skal stå som systemintegrator av eit komplett plug-in hybrid system for den nye sightseeingbåten Brim Explorer, kjem det fram av eit presseskriv. Brunvoll’s Triton Hybrid pakke er ein komplett elektro- og batteripakke med styresystem for framdrift og manøvrering. Båten vil under sightseeing køyre i fullt batteri/elektromode som gjev stillegåande og miljøvennleg drift.

– Kontrakta er å sjå som eit resultat av den breie satsinga Brunvoll gjer innan hybrid framdrift, slår dagleg leiar i Brunvoll Mar-El Bjønn Tveito, fast i presseskrivet.

Brim Explorer blir bygd av Maritime Partner i Ålesund.

Brunvoll har og signert kontrakt med Fitjar Mekaniske Verksted AS, for levering av komplett framdrift, manøvrering og kontrollsystem til ein brønnbåt til rederiet Hordalaks AS. Skipsdesignet av brønnbåten Hordagut er eit samarbeid mellom Heimli Design AS og Fitjar Mekaniske Verksted AS. Leveransen frå Brunvoll vil finne stad innan Q3 2019, heiter det i eit presseskriv. 

Kurt Vadset

Relaterte artikler