Nyheter
Color Hybrid er Årets Skip
                                            Publisert: 04.06.2019
                                        
                                         Verdas største plug-in hybridfartøy, Color Hybrid, er utnemnd til ‘Årets Skip 2019’. På vegner av Ulstein tok konsernsjef Gunvor Ulstein i mot prisen frå HKH Kronprins Haakon på Nor-Shipping-messa 4. juni 2019.
Color Line-skipet er under bygging på Ulstein Verft. Byggnummer 311 er designa av Fosen Yard, og vil bli sett i teneste på linja Sandefjord - Strömstad denne sommaren.
Med ei batteripakke på 4,7 MWh vil Color Hybrid kunne sigle 12 nautiske mil berre på batteristraum, ladda med straum i Sandefjord.
ANERKJENNING - Ulstein har gjennom dei siste 100 åra utvikla ein solid kompetanse innan skipsbygging. For oss er denne prisen ei anerkjenning av verdiane våre om å tenke nytt, å engasjere og utfordre det eksisterande samt å levere kvalitet til våre kundar. Vi deler denne prisen med alle våre tilsette, og heile den norske maritime klynga, sa Gunvor Ulstein i talen sin. Ho takka også reiarlaget, Color Line, for den tilliten dei synte ved å plassere bygginga av dette innovative og miljøvenlege skipet ved Ulstein Verft.
Skipet er 160 meter langt og 27,1 meter breitt, og har kapasitet til å transportere 2000 passasjerar og 500 personbilar.
‘Årets Skip’-utmerkinga vert delt ut årleg av Skipsrevyen. Dei nominerte vert føreslegne av magasinet sine lesarar, og vinnaren vert kåra av ein fagjury. Innovasjon er eitt av dei viktigaste kriteria for å vinne.
NORSK UTSTYR Meir enn 70 prosent av leveransane til ‘Color Hybrid’ kjem frå bedrifter i den norske maritime klynga, noko som viser fram det beste frå norsk maritim industri.
 
Relaterte artikler
- 
                                                            Vant for andre året på rad17.09.2025
- 
    
- 
    
- 
                                                            Promoterer norskekysten midt på Times Square23.05.2025
- 
                                                            To internasjonale priser til Vard09.02.2024
- 
                                                            Havyard Leirvik vinner nybyggskontrakt20.11.2023
- 
                                                            Medstraum Ship of The Year06.09.2022
- 
                                                            Hydra ble Årets skip08.09.2021
- 
                                                            Her er de tre nominerte til Ship of the Year11.06.2021
- 
                                                            Viking Sun kåra til Årets velferdsskip30.10.2020
- 
                                                            Ro Vision ble Årets skip02.09.2020
- 
                                                            Kandidatene til Ship of the Year er klar08.06.2020
- 
                                                            Fridtjof Nansen overlevert20.12.2019
- 
                                                            NIS-skip kåret til Tanker Ship of the Year27.11.2019
- 
                                                            «Future of The Fjords» er Ship of the Year05.09.2018
- 
                                                            Flere priser til Vision of the Fjords?08.06.2017
- 
                                                            Ble Årets Skip30.05.2017
- 
                                                            Vision of The Fjords ble årets skip07.09.2016
- 
                                                            Vard Søviknes skal levere cruiseskip12.08.2016
- 
                                                            Årets Skip 2010 - Skandi Aker08.09.2010
- 
                                                            Far Samson utropt til Ship of the Year 200903.06.2009
- 
                                                            Island Wellserver årets skip 200824.09.2008
- 
                                                            Island Constructor Ship of the Year 200821.08.2008