Nyheter
Color Hybrid snart i rute
Publisert: 02.08.2019
9. august skal nye Color Hybrid vere klar til å segle mellom Sandefjord og Strømstad, i alle fall går det fram av reiarlagets ruteoversikt. Etter planen skulle skipet ha starta i ruta allereie i slutten av juli, men etter forseinkingar ble det levert frå Ulstein verft først i starten av august.
Color Hybrid er verdas største plug-in hybridskip. Skipet er med sine innovative og miljøvennlege løysingar eit viktig prosjekt både for Ulstein, Color Line og den maritime klynga.
TENKE NYTT
– Vi har alltid lagt vekt på å tenke nytt og levere kvalitet til våre kundar. Med brei maritim kompetanse har våre dyktige og engasjerte medarbeidarar gjort ein stor innsats for å ferdigstille Color Hybrid, seier konsernsjef Gunvor Ulstein og held fram: Vi vil takke Color Line for eit godt og konstruktivt samarbeid gjennom heile byggeperioden og vi er glade for at skipet no kjem i drift og at mange etterkvart skal få oppleve å reise på tur med Color Hybrid.
Over 70 prosent av leverandørane på Color Hybrid er frå den maritime klynga i Norge og dei representerer det ypparste innan maritim næring.
– Bygginga av verdast største plug-in hybrid skip er i tråd med våre ambisjonar om vidareutvikling av berekraftige og miljøvennlege løysingar for norsk skipsfart, seier konsernsjef Trond Kleivdal i Color Line.
GRØN, SMART OG INNOVATIVT
Color Hybrid tek i bruk nye løysingar for å redusere støy og utslepp frå skip. Skipet er ein plug-in hybrid, der batteria på fem megawatt kan ladast via en straumkabel med miljøvennleg straum frå landstrømanlegg på kaia i Sandefjord. Skipet vil gå ut og inn av Sandefjordsfjorden tilnærma lydlaust og utan utslepp av skadelege miljøgassar, eller nitrogen- og svovelpartiklar til luft i området.
Batteripakken veg 65 tonn og kan ladast på ein time. Skipet har i tillegg eit varmereservoar på fem megawatt som utnyttar varmen både frå kjølevatnet og eksosen til oppvarming. Saman med ein optimal skrogkonstruksjon bidreg dette til å gjere skipet energieffektivt og miljøvennleg.
Skipet er 160 meter langt og 27,1 meter breitt, og har kapasitet til å transportere 2000 passasjerar og 500 personbilar.

Relaterte artikler
-
Grønn skipsfart i sikte
19.04.2024 -
Verftene vil bygge for Sjøforsvaret
04.04.2022 -
Ny start og ny kontrakt for Kleven Verft
20.09.2019 -
Hundre år med skipsbygging
03.07.2015