Designkontrakt til Ulstein

Publisert: 01.04.2014
ulstein-010414.jpg
Ulstein SX157


Ulstein har selt design- og utstyrspakkar for fire havgåande slepebåtar til Niigata Shipbuilding & Repair i Japan. Skipa skal byggast for nederlandske ALP Maritime Services.

Skipa er designa særskilt for å kunne handtere store slep over lange avstandar. Dette er ein ny marknad for Ulstein, og den største enkeltkontrakten for Ulstein Design & Solutions nokon gong. Skipa er av designtypen SX157 og er spesielt utvikla til dette prosjektet i nært samarbeid med ALP. Skipa har om lag 300 tonn slepekraft, og er 88,9 meter lange og 21 meter breie.

– Dette er ein svært viktig kontrakt, som medfører aktivitet innan ein ny marknad for oss og for ein ny kunde. Kontrakten er eit resultat av nært samarbeid med byggeverftet, reiaren og samarbeidspartnarane våre i den maritime klynga, eit samarbeid vi ynskjer å utvikle meir i åra som kjem, seier visekonsernsjef Tore Ulstein i Ulstein Group.

– Ein havgåande slepebåt skal typisk slepe oljeriggar eller FPSO-ar (flytande produksjonssystem) frå byggeverfta til installasjonsområda på oljefelta. I tillegg vert desse skipa utrusta med dynamisk posisjonering klasse II og ankerhandteringskapasitet for å kunne assistere under installasjons – og tilkoplingsfasen til dei taua objekta. SX157 har drivstoffkapasitet til å kunne taue over store avstandar, og kan slepe for full kraft i 45 dagar. Dette er ein nisjemarknad der vi ser at våre løysingar kan vere eit positivt tilskot, seier administrerande direktør Sigurd Viseth i Ulstein Design & Solutions.

– Innanfor kvart prosjekt arbeider vi strategisk for å kome fram til sikrare, smartare og grønare løysingar. ALP omtalar desse fire nye skipa i flåten sin som "ALP Future Class". I arbeidet med utviklinga av designet måtte vi syte for at kvart skip har tilstrekkeleg slepekraft og driftssikkerheit til å kunne handtere også dei aller tyngste slepa ved hjelp av berre to fartøy. Miljø og drivstofføkonomisering har også vore viktige kriterium. Skipa er klassifiserte med DNV sine klassenotasjonar Clean Design og isklasse 1B, noko som gjer at skipa kan operere i eit utvida arbeidsområde. Dei er i tillegg utstyrte som ankerhandteringsfartøy, som mellom anna inkluderer hekkrull, ein tretromla vinsj med 400 tonns hivekraft, og med kjettinglås for riggkjetting. Innreiinga for 35 personar er romsleg og komfortabel med tanke på at skipa skal opphalde seg i lange periodar på sjøen.

Viseth ynskjer ikkje å kommentere kor mykje kontraktsverdien for Ulstein, men forklarar at konsernet i tillegg til å levere design også har ansvar for leveransane av hovudkomponentar som motorar, thrusterar og propellar, vinsj, kraftdistribusjon og thruster drives, kontrollsystem og kommunikasjonssystem.

ALP Maritime Services er ein ny kunde for Ulstein. Selskapet er ein del av Teekay Offshore Partners L.P.

Skipa skal byggast på Niigata Shipbuilding & Repair, eit verft i MES-gruppa (Mitsui Engineering & Shipbuilding Co). Skipa er tiltenkte arbeid over heile verda, og er planlagde for levering i slutten av 2015 og starten av 2016.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler