Nyheter
Designkontrakt til Ulstein
NOR-SHIPPING: Megamas Resources har skrive ein skipsdesignkontrakt med Ulstein Design & Solutions AS for å starte opp engineering (detaljdesign) av eit fiberoptisk kabelleggingsfartøy (CLV), planlagt for bygging ved Lloyd Werft Bremerhaven GmbH.
Kaptein Tiew Sien Kheng, managing partner i Megamas, fortalde om kontrakten på Ulstein sin stand på Nor-Shipping-messa onsdag.
- Kontrakten markerer ein viktig milepæl etter intensjonsavtalen (LOI) som vart signert i mai mellom Megamas og Lloyd Werft, og legg til rette for den moglege bygginga av eit toppmoderne, fleirbruks kabelleggingsfartøy. Dagens avtale markerer det første formelle steget for å realisere dette prosjektet, fortalde Kheng.
- Ulstein Design & Solutions AS skal, saman med Lloyd Werft, bidra med sin omfattande ekspertise for å levere eit høgspekka, spesialisert fartøy. Det konseptuelle designarbeidet starta hausten 2023 med fokus på eit neste generasjons fiberoptisk kabelleggingsfartøy, utdjupa han.
- Vi er svært glade for å samarbeide med Megamas Resources på dette banebrytande prosjektet. ULSTEIN SX228 er designa for å møte dei høgaste standardane for effektivitet og berekraft. Teamet vårt skal, saman med Lloyd Werft, levere eit fartøy som ikkje berre møter, men overgår forventningane i industrien til subsea telekommunikasjon og fornybar energi. Denne kontrakten synleggjer vår lange erfaring innan design av offshorefartøy.
Skipet har ei dødvekt på 8 200 tonn og ein kabelkapasitet på 5 500 tonn. Det har ei lengd på 121,7 meter og måler 23 meter i breidda. Fartøyet er særleg optimalisert for legging av fiberoptiske kablar. Det er også førebudd for framtidige operasjonar med kraftkablar inkludert ein karusell under dekk som er integrert i kabeltankane.
To kabellinjer og alt naudsynt kabelhandteringsutstyr er plassert inne i eit lukka arbeidsområde, og sikrar at fartøyet kan utøve sikre og effektive operasjonar i utfordrande forhold. Andre funksjonar inkluderer ein ROV-hangar for grøftegravaren, ei 50-tonns A-ramme og ein slepekraftskapasitet opp til 120 tonn for grøfting på havbotnen.
Relaterte artikler
- 
    
- 
                                                            Ei styrking av det norske klyngesamarbeidet14.01.2025
- 
    
- 
                                                            Nybyggingskontrakt for Green Yard Kleven14.10.2024
- 
                                                            Rem Offshore kontraherer fremtidens fartøy21.03.2024
- 
                                                            Megamas skriv kontrakt med Ulstein02.11.2023
- 
                                                            Fugro vel Ulstein for redesign og ombygging26.09.2023
- 
                                                            USV AS bestiller første ubemannede fartøy18.07.2023
- 
                                                            NSK Ship Design med nytt grønt design18.11.2022
- 
                                                            Storkontrakt til Brunvoll30.08.2018
- 
                                                            Går sommeren i møte med kjempekontrakt04.07.2018
- 
                                                            Vant designkontrakt for ekspedisjonsskip13.06.2018
- 
                                                            Vard med kontrakt for nytt fiskefartøy24.05.2018
- 
                                                            Vard designer kabelleggingsfartøy14.09.2017
- 
                                                            Utvikler verdens største kabellegger29.08.2017
- 
                                                            Ulstein med gjennombrot innan cruise30.05.2017
- 
                                                            Storkontrakt til Ulmatec03.02.2017
- 
                                                            Ny kontrakt til Havyard01.07.2015
- 
                                                            Ny kontrakt til Marin Teknikk12.12.2014
- 
                                                            Designkontrakt til Ulstein01.04.2014
- 
                                                            Ny designkontrakt til Ulstein29.04.2013
- 
                                                            Ulvan kontraherer hos Fiskerstrand21.02.2013
- 
                                                            Ny kontrakt til Fjellstrand10.10.2012
- 
                                                            STX OSV bygger kabelleggingsfartøy02.10.2012
- 
                                                            GC Rieber kontraherer hos Ulstein01.06.2012
