Nyheter
Ei styrking av det norske klyngesamarbeidet
Maritime Montering har blitt tildelt kontrakt for innreiings- og utrustningsarbeidet på eit stor DP3 kabelleggingsfartøy for Nexans, noko som også markerer selskapets første kontrakt med Ulstein Verft. Dette milepælprosjektet stadfester konsernets aukande andelar i skipsinnreiings-sektoren og viser styrken i samhaldet i den norske maritime klynga.
Avtalen blei inngått etter ein omfattande tilbodsprosess der Maritime Montering si erfaring innan kvalitet og leveringspresisjon spelte ei viktig rolle. Selskapet skal levere nøkkelferdig innreiing og interiør som skal gi optimal komfort for skipet sitt mannskap på 90 personar.
TRANSPORT OG INSTALLASJON
Skipet, Nexans Electra, som er designa av Skipsteknisk og skal byggast ved Ulstein verft for Nexans Marine Operations AS, er spesielt utvikla for transport og installasjon av sjøkablar, inkludert kabelpakkar så vel som kabelvedlikehald og reparasjonar. Nexans Electra blir 149.9 meter lang, 31 meter brei med ei dødvekt på 17.000 tonn og vil ha eit mannskap på opp til 90.
Med slagordet «Electrifying the Future» vil dette innovative skipet delta i verdsomspennande elektrifiseringsinitiativ, gi kritisk viktig kopling mellom regionar, fornybare offshore-energiløysingar og elektrifisering av øvrige offshoreinstallasjonar.
EIT MILJØ AV HØG STANDARD
– Vi er stolte av å kunne starte opp eit samarbeid med Ulstein Verft og kunne la vår mangeårige erfaring sette sitt preg på dette flotte fartøyet. Texans Electra er designa og utvikla for å kunne prestere effektivt sjølv i utfordrande vêrtilhøve, og vi ønskjer å sjå til at mannskapet kan gjennomføre sine operasjonar i eit miljø av høg standard, funksjon og kvalitet, seier Bjørn Terje Norevik, teknisk salssjef i Maritime Montering Norway.
Prosjektet synleggjer også styrken i den norske maritime klynga, og viser saumlaust samarbeid mellom design, engineering, verft og rederi. Skipet er forventa levert i 2026.
Maritime Montering:
- Etablert i 1981 og har spesialisert seg på å levere innovative og høgkvalitets innreiingar for skip og rigg.
- Med over 600 tilsette som har levert over 1150 skip, har selskapet etablert seg i seks land ved å sette standarden for god prosjektgjennomføring og ein kvalitet som verft og rederi set pris på.
Ulstein Group:
- Med hovudkvarter i Ulsteinvik, er Ulstein Group eit familieeigd konsern som vart grunnlagd i 1917 og spesialiserer seg i skipsdesign, skipsbygging og øvrige maritime system og løysingar.
- Ulstein Verft er heileigd selskap i konsernet.
Skipsteknisk:
- Oppretta i 1976 i Ålesund og spesialisert innan spesialiserte offshorefartøy, forksing og fiskeri.
Nexans:
- Med over 120 års historie har franske Nexans vorte ein verdsleiar i utvikling og produksjon av avanserte kabelsystem og tenester, der dei spelar ei viktig rolle i dei globale elektrifiseringsinitiativa.
Relaterte artikler
-
Ny kontrakt for Kongsberg Maritime
15.02.2024 -
Ny kontrakt til Maritime Montering
24.02.2023 -
Mare Safety med tidenes ordrereserve
21.12.2018 -
Storkontrakt til Ulmatec
03.02.2017 -
Kontrakt til Uptime med Ulstein Verft
08.04.2015