Nyheter
Endra leiing i Ulstein Group
                                            Publisert: 29.11.2023
                                        
                                        Konsernsjef i Ulstein Group, Cathrine Kristiseter Marti, har valt å  takke ja til ei ny moglegheit utanfor konsernet og seier dermed opp stillinga si. Tidlegare konsernsjef Gunvor Ulstein går inn som konstituert konsernsjef frå 29. november 2023.
Gunvor Ulstein har tidlegare vore konsernsjef i Ulstein Group i nærare 22 år og representerer tredje generasjon i det familieeigde konsernet. Då ho gjekk av som konsernsjef i 2020, var det for å halde fram engasjementet sitt i Ulstein gjennom ulike styreposisjonar i konsernet og som styreleiar i Ulsmo, som er majoritetseigaren av Ulstein Group.
– Vi vil takke Cathrine for den innsatsen ho har lagt ned i Ulstein gjennom ni år, først som finansdirektør og dei siste tre åra som konsernsjef, og vi ønskjer henne alt det beste framover, seier Tore Ulstein, styreleiar i Ulstein Group.
GOD ORDREBOK
Ulstein har ei ordrebok på fem nybygg, fire CSOV-skip og ein kabelleggar, og har eit omfattande ettermarknads- og serviceprogram. Designselskapa våre leverer design for bygging over heile verda. Ulstein stadfestar med denne ordrereserven posisjonen sin som ei drivande kraft i den maritime industrien og er godt posisjonert til å fortsette å leie an i den maritime industrien i åra som kjem.
                                 
Relaterte artikler
- 
                                                            Vard får ny CEO03.04.2024
- 
    
- 
    
- 
                                                            Ny dagleg leiar ved Myklebust Verft25.04.2023
- 
                                                            Nye konserndirektører i Brunvoll10.11.2022
- 
                                                            Ny administrerende direktør i Frøy11.11.2021
- 
                                                            Eidesvik endrer i toppledelsen28.10.2021
- 
                                                            Endringar i leiarroller i Ulstein Group14.10.2020
- 
                                                            Havyard-sjefen går av02.12.2019
- 
                                                            Lederskifte i Torghatten07.05.2019
- 
                                                            Ny konsernsjef i Kleven07.02.2018
- 
                                                            Pål K. Grimsrud tar over i Noryards BMV04.12.2015
- 
                                                            Ny konsernsjef i Bergen Group28.08.2015
- 
                                                            Eldar Sætre er Statoils nye konsernsjef04.02.2015
- 
                                                            Neteland ny konsernsjef i NorYards28.02.2014
- 
                                                            Birkeland ny konsernsjef i Westcon16.10.2013
- 
                                                            Ny konsernsjef i Bergen Group07.05.2013
- 
                                                            Terje Arnesen tar over i Bergen Group30.06.2011
- 
                                                            Wista-prisen til Gunvor Ulstein05.02.2009
- 
                                                            Utseth konstituert adm.dir. ved Fosen22.09.2008
- 
                                                            Ny konsernsjef i Bergen Group22.09.2008