Nyheter
Farlegast å jobba på mindre fartøy
Publisert: 27.09.2017
Statistikken viser at det skjer flest ulukker om bord i skip som er under 24 meter lange. Derfor skal Sjøfartsdirektoratet i 2018 ha fokus på tryggleiksstyring på mindre fartøy.
– Ettersom det viser seg å vera farlegast å jobba om bord i mindre fartøy, vil me setja inn støyten her når det gjeld inspeksjonar, sa Sjøfartsdirektør Olav Akselsen under opninga av årets Sjøsikkerheitskonferanse i Haugesund onsdag.
– Våre undersøkingar viser at ulukker ofte skuldast manglande tryggleiksstyring i reiarlaga. Det er difor viktig å minna om at dei har eit sjølvstendig ansvar for å setja i verk systematiske tiltak for å hindra at ulukker skjer, sa Akselsen. Han viste til at direktoratet driv risikobasert tilsyn som bygger på statistikk. – Me vil gå om bord der me har størst grunnlag for mistanke om å finna noko. Alle norske skip blir delt inn i ulike kategoriar, som blir kopla med statistikk over registrerte ulykker og hendingar. Dette gir grunnlag for inspeksjonar der det finst størst forbetringspotensiale. Me har utvikla eit nytt analyseverktøy for dette, sa Sjøfartsdirektøren.
Dersom sjøfolk mislikar å få besøk frå Sjøfartsdirektoratet er det viktigaste tiltaket å syta for at alt er i orden om bord, sa Olav Akselsen litt spøkefullt.
Færre ulukker med ferjer
Sjøfartsdirektøren sa vidare at det er viktig å læra av historia når det går gale, men at det er like viktig å læra av det som går bra.
I fleire år skjedde det relativt mange ulukker med ferjer, til dømes grunnstøytingar og kollisjonar. – Me såg ein negativ trend i fleire år. Ulukkene gav bransjen og reiarlaga dårleg omdømme. Direktoratet oppmoda ferjereiarlaga om å ta dette på alvor, sa Akselsen.
Han viste til at etter kvart kom positive resultat. Frå 2012 og fram til i dag gjekk ulukkestalet ned med 60 prosent. Hittil i år har det ikkje skjedd nokon alvorlege ulukker. - Dette skuldast ein felles innsats og nye haldningar og viser at ulukkesstatistikken kan påverkast, sa Akselsen.
Nye digitale utfordringar i skipsfarten
Sturla Henriksen, administrerande direktør i Norges Rederiforbund peika i sitt opningsforedrag på utfordringar i dagens tøffe skipsfartsmarknad. Henriksen understreka kor viktig det er med tanke på tryggleiksutviklinga at sjøfolk om bord også i ein pressa marknad vågar å stå rakrygga og rapportera hendingar og at dette blir delt mellom partane i organisasjonen og i næringa.
Henriksen var dessutan opptatt av dei nye utfordringane som melder seg i skipsfarten med utviklinga av til dømes autonome skip. Her lurer det store farar mellom anna ved at uvedkomande kan hacka seg inn på styringssystem og manipulera fjernstyrte skip. Dermed treng me ny kompetanse til å regulera og hindra dette, sa Henriksen.
Airbnb og proteksjonisme
Han peika også på at utviklinga av IKT vil kunne endra kommersielle modellar for drift av reiarlag. - Utviklinga kan gå i ei retning som me kjenner frå Airbnb og Uber. Det å eiga data og ha tilgang til kundar blir kjernen. Utviklinga vil utfordra både kompetanse og tryggleikskultur, sa sjefen i Rederiforbundet.
Han uttrykte dessutan uro over at utviklinga i internasjonal skipsfart er prega av nasjonalisme og proteksjonisme. – Me ser dette i USA og i EU og motiva er oftast ikkje samfunnsøkonomisk effektivisering, men drivne av politiske formål.
Nye havnæringar
Nye og store utfordringar ser Henriksen også når skipsfarten går inn i nye havromsnæringar. Dette gjeld havbasert oppdrett, havbaserte vindmøller og ikkje minst mineralutvinning og gruvedrift til havs.
På desse nye områda må Norge ta ei leiande rolle internasjonalt gjennom IMO, sa Sturla Henriksen. Han la til at store utfordringar melder seg også når det gjeld regulering av ny verksemd i nordområda. – Her går utviklinga fort og Norge har kompetanse og ansvar til å gå i front for å kunne regulera og vidareutvikla dette, ikkje minst når det gjeld sjøtryggleik, sa Henriksen.

Relaterte artikler
-
Dystre tall for dødsulykker på næringsfartøy
09.04.2024 -
For mange ulukker til sjøs
25.09.2019 -
12 omkom fra fritidsbåt første halvår
09.07.2018 -
Færre skipsulykker i 2016
08.03.2017