Nyheter
Fire nye Rolls-Royce fartøy til Kina
                                            Publisert: 08.01.2013
                                        
                                    Rolls-Royce har inngått kontrakt om levering av design og utstyr til fire offshore supply fartøy til eit reiarlag frå Hong Kong. Fartøya skal byggast av COSCO Zhoushan verftet i Kina, og kontrakta inkluderer opsjonar på ytterligare fire skip. Kontrakta har ein verdi på om lag 247 millionar kroner for Rolls-Royce.
Dei fire fartøya av type UT 771 CDL skal operere i Kina, og vil utføre oppgåver som transport av rør og utstyr til og frå bore- og produksjonsplattformer.
– Det er svært gledeleg å sjå at COSCO Group no kjem tilbake til oss, og denne gongen med ein ny kunde. Dette syner at dei set sin lit til at Rolls-Royce møter behova deira, og tilbyr dei det siste innan offshoreteknologi, seier Anders Almestad, konserndirektør for Offshore i Rolls-Royce.
Med denne kontrakta vert det også skapt ein liten bit historie då det er første gong Rolls-Royce sel MTU-motorar som ein del av den integrerte systemleveransen til eit UT-fartøy.
– Vi ser eit stort potensiale for samarbeid på motorsida, så snart Rolls-Royce og Daimler sitt oppkjøp av MTU-produsent Tognum vert fullført, kommenterer Almestad.
I tillegg til MTU- hovedmotorar, inneheld leveransen frå Rolls-Royce framdriftssystem, power electrical system, bulkhandteringssystem, dekksmaskineri, automasjon og kontrollsystem samt dynamisk posisjoneringssystem. Den omfattande utstyrspakken skal i all hovudsak produserast ved Rolls-Royce sine avdelingar på Sunnmøre og i Bergensområdet.
Dei fire fartøya skal etter planen leverast i 2014. COSCO- gruppa har i tillegg fire andre UT-fartøy under bygging ved COSCO Guandong verftet i Kina.
Meir enn 170 skipsreiarar verda over har UT- fartøy i flåten sin.
Relaterte artikler
- 
                                                            Vard signerer kontrakt på en tredje CSOV05.05.2025
- 
    
- 
                                                            DFO og Vard med kontrakt på OSCV04.04.2025
- 
    
- 
                                                            Vard kan og vil bygge for Forsvaret23.09.2024
- 
                                                            North Star Shipping tilbake til Vard09.05.2023
- 
                                                            Vard bygger nytt servicefartøy03.11.2017
- 
                                                            Ny kontrakt til Brødrene Aa09.10.2017
- 
                                                            Wärtsilä vant designkontrakt17.02.2016
- 
                                                            Brødrene Aa skal levere båter til Kina01.10.2015
- 
                                                            Hundre år med skipsbygging03.07.2015
- 
                                                            Første Havyard 832 PSV fra Kina levert30.03.2015
- 
                                                            Wilson bestiller tre nybygg24.03.2015
- 
                                                            Stor kontrakt i Kina for Wärtsilä10.02.2015
- 
                                                            Havyard leverer til Kina16.06.2014
- 
                                                            Ulstein med nye designkontrakter13.08.2013
- 
                                                            COSCO skal bygge Ulstein-design07.03.2013
- 
                                                            Sinopec vil ha mer Havyard-design07.02.2013
- 
                                                            Havyard-jubel i Kina04.11.2011
- 
                                                            Kjølstrekkseremoni for Havyarddesign i Kina15.03.2011
