Fiskebåt ut av Norges Fiskarlag

Publisert: 20.11.2025
20251118_LM_Christian_Halstensen_talerstol.png

Det ble et dramatisk under Fiskarlagets landsmøte i Trondheim. Christian Halstensen på talestolen under Landsmøtet. Foto: Jan-Erik Indrestrand, Fiskarlaget

 

Fiskebåt har meldt seg ut av Norges Fiskarlag. Det kom som en følge av at Nord Fiskarlag  stemte mot endringar i vedtektene etter at dei gjekk på tap i spørsmålet om ressursfordeling.

– Fiskarlaget si overleving og framtid er nøkkelen at fordelingsspørsmålet blir liggande roleg. Dermed har konklusjonen vore, at dersom vi ikkje fekk dette på plass, så skal Fiskebåt meldast ut på dette landsmøtet. Vi har eit mandat frå vårt årsmøte. Valet om å melde oss ut er dermed godt forankra, godt grunngive og rett, sa styreleiar i Fiskebåt Christian Halstensen til landsmøtet i Norges Fiskarlag i Trondheim i dag.

Formelt sett blei utmeldinga levert på landsmøtet. Etter reglane står eit medlemslag to år i organisasjonen før utmeldinga er endeleg.

EIT UTMELDT MEDLEMSLAG
– Vi har no sendt ein formell utmelding til Fiskarlaget, og er dermed eit utmeldt medlemslag. Eg vil understreke at vi skal vere veldig ryddige i denne prosessen, og har stor respekt for reglane for korleis utmelding skal skje, sa Halstensen.

Halstensen peika også på dei tilsette i Norges Fiskarlag.

– Sjølv om vi meiner det er rett å melde oss ut, er det absolutt ikkje kjekt. Det er veldig mange flinke menneske som jobbar i Fiskarlaget, og det er leit at det har tatt så lang tid å få ei avklaring. Vi skal så godt vi kan sørge for at prosessane skal ta godt vare på alle.

Halstensen viste også til Sør-Norges Fiskarlag.

- Dei har jobba ryddig og ærleg gjennom heile denne perioden. Vi er glad for dei signala som kom frå styreleiar Terje Eriksen i Sør-Norges Fiskarlag, om å kome dei i møte med dei prosessane som kjem i kjølvatnet av dette her, sa Halstensen.

LANG PROSESS
Frå 2023 har Fiskarlaget hatt tre medlemslag og samtidig har de tre medlemslaga sin representasjon frå tidlegare organisasjonsstruktur blitt vidareført.

Det betyr at Nord Fiskarlag har hatt seks styremedlemmer og 29 delegatar i Landsmøtet, mens de to andre laga har hatt fire landsstyrerepresentantar kvar og hhv 17 og 23 landsmøterepresentantar.

Etter en lang periode med mye tautrekking mellom medlemslaga ble det landet en semje om tredelt representasjon.

Sidan har Nord Fiskarlag krevd gjennomslag for tilpasninger av ressursfordelingen mellom kyst og hav for å stå ved sine løfter. Landsmøtet stemte ned forslagene, mot Nord Fiskarlag sine stemmer.

- STREK ER SATT
Etter avstemminga i lovsaka på Landsmøtet gjekk styreleiar Christian Halstensen på talarstolen og varsla at Fiskebåt vil effektuere sitt mandat frå eige årsmøte om å melde seg ut når det ikkje blir vedtektsendringar i organisasjonen.

-Det har vært en årelang, grundig og gjennomsiktig prosess for å bidra til nødvendige endringar for at Norges Fiskarlag skal fungere godt i framtida, sa han og la til at de i utmeldingsperioden fram til neste Landsmøte om to år vil bidra til at alle prosesser går på ein ryddig måte.

Han takka også Sør-Norges Fiskarlag for samarbeidet, til liks med Fiskarlagets leiing ved leder Kåre Heggebø og generalsekretær Sverre Johansen.

– Nå er strek satt, sa han.

NY STYRELEIAR
Jan Roger Lerbukt fra Fiskebåt blei valt til ny styreleiar i Norges Fiskarlag på landsmøtet. Lerbukt blei valt som ny leder med klart fleirtal, men mot stemmene frå Fiskarlaget Nord.

 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Relaterte artikler