Nyheter
Fitjar bygg ny brønnbåt til Bakke-rederiet
                                            Publisert: 27.04.2015
                                        
                                    Det er verftet Fitjar Mekaniske Verksted på Stord som skal bygge båten for Bakke-rederiet på Austevoll. Lerøy Seafood skal leige båten og dei blir også medeigar i den.
Båten får namnet «Seihav», og kostar 300 mill. norske kroner. Lastekapasitet vert 3.900 kubikk.
Dette vert ein stor og moderne brønnbåt, og som får heil- elektrisk framdrift frå Stadt AS . Hovedpropellen skal yte tett på 3.000 kW og vert forsynt med energi frå tre dieselgeneratorar.
I leveransen frå Stadt skal det leverast hovedtavler i 690 V, nødtavler, No-Loss drives, elektromotorar, Power Management System etc.
Hallvard Slettevoll i Stadt er svært glad for denne ordren, som blir nok eit interessant segment for selskapet i Gjerdsvika. – Det er gledeleg å sjå at ein del av Stadt leveransane no hamnar på norske verft. Tyngda av leveransane har i det siste gått til eksport, seier Slettevoll .
Relaterte artikler
- 
                                                            Nytt anlegg på Årsnes19.06.2025
- 
    
- 
                                                            Stadt med ny offshorekontrakt i Asia17.01.2025
- 
    
- 
                                                            Havyard Leirvik vinner nybyggskontrakt20.11.2023
- 
                                                            Klart for Bassengbygget på Tyholt13.04.2023
- 
                                                            Ny kontrakt til Maritime Montering24.02.2023
- 
                                                            Stor forsvarskontrakt til Stadt18.01.2023
- 
                                                            Skal bygge ny brann- og redningsbåt21.06.2022
- 
                                                            PE Bjørdal leverer fabrikk til nybygg14.09.2021
- 
                                                            Storleveranse frå Stadt AS13.11.2019
- 
                                                            Byggekontrakt på sin andre ambulansebåt05.07.2019
- 
                                                            Stadt leverer til Topaz11.04.2018
- 
                                                            Ny kontrakt til OptimarStette25.08.2016
- 
                                                            Namsos levert til Norsk Fisketransport22.12.2015
- 
                                                            Stor kontrakt til MacGregor15.12.2014
- 
                                                            Ny kontrakt til Stadyard25.08.2014
- 
                                                            Norsk Fisketransport kontraherer hos Havyard17.12.2013
- 
                                                            Havyard satser på nybygg06.11.2013
- 
                                                            Offshorekontrakt til Stadt i Asia29.08.2013
- 
                                                            Stadt AS sikra viktig kontrakt18.03.2013
- 
                                                            Fitjar Mekaniske skal levere kystverkfartøy29.12.2010
