Nyheter
Fjord1 bygger 50-bilers ferje hos Fiskerstrand
Publisert: 25.10.2010
Fjord1 har inngått kontrakt med Fiskerstrand BLRT AS om prosjektering og bygging av ei ny ferje som vert levert i desember 2011 og sett inn på sambandet Sandvika – Edøya mellom Tustna og Smøla på Nordmøre.
Den nye ferja er utvikla av Multi Maritime AS i samarbeid med Fiskerstrand BLRT AS, og får ein total lengde på 66,4m ei største bredde på 13,2m og ein kapasitet på 50 personbilar og 150 passasjerar. Skrog og startutrustning på ferja skal utførast ved Western Baltija Shipbuilding i Klaipeda, Litauen og ferdig utrustning utførast av Fiskerstrand Verft AS utanfor Ålesund.
Kontrakten er vunne i ein europeisk verftskonkurranse, med 10 andre verft. Fire av desse verfta var norske, medan dei resterande var frå Polen, Tyrkia og Kroatia.
– Det er svært hyggeleg å vinne ein slik anbodskonkurranse og vite at vi er konkurransedyktige i høve andre europeiske verft, seier adm. dir. i Fiskerstrand BLRT, Rolf Fiskerstrand. – Vidare er dette den første kontrakten med Fjord1 MRF på 20 år, og dermed er vi ekstra glade for å kunne levere denne ferja, legg han til.
For dei reisande på Sandvika – Edøya sambandet vil den nye 50-bilers ferja tilby vesentleg betre kapasitet enn dagens løysing på 30 bilar. Kravet i anbodet var 40 bilars ferje. Den forventa trafikken på sambandet i 2011 er 125 000 personbileiningar (PBE). Dei reisande får også oppfylt ynskje om ein utsiktssalong på øvre dekk med denne løysinga.
– Vi har lagt vekt på pris, kvalitet og leveringsdyktigheit i denne utveljinga, og ser fram til å sette inn ei ny, flott og effektiv ferje for kundane våre på Sandvika – Edøya sambandet i 2011, seier administrerande direktør i Fjord1 MRF, Anker Grøvdal.
Det er plass til 150 passasjerar inkl. mannskap på ferja og den skal byggast iht. Det Norske Veritas sin klasse +1A1, R3, Car Ferry B, EO (NOR). Ferja får ei dødvekt på vel 300 tonn. Fartøyet vert utrusta med dieselelektrisk framdriftssystem og har eit nesten lukka bildekk for å kunne operere i fartsområde EU/C. Den nye ferja vil ha ein servicefart på ca 13 knop.
Relaterte artikler
-
Ny miljøferjekontrakt til Fjellstrand
29.05.2017 -
Tre nye ferger til Fjord 1 fra Havyard
20.12.2016 -
Ferjekontrakt til Fiskerstrand
03.07.2015 -
Kontrakt til Fiskerstrand Verft
04.02.2009 -
Fergekontrakt til Fiskerstrand
17.04.2008