Nyheter
Fjord1 får tildelt Storegutprisen 2023
                                            Publisert: 17.07.2023
                                        
                                        Fjord1 og matkonseptet deira, Ferdamat, vil bli heidra under Litteraturdagane i august. Selskapet nyttar nynorsk i all marknadsføring og informasjon, både opp mot publikum og elles i næringsdrifta. 
Storegutprisen blir gjeven til den eller dei som på ein positiv måte nyttar eit levande og ledig nynorsk i det offentlege rom. Storegutnemnda meiner at Fjord1 og Ferdamat fyller tildelingskriteriet og vel så det.
Leiar i Storegutnemda, Aasmund Nordstoga, seier at det krev både mot og integritet å gjera all marknadsføring på nynorsk.
– Selskapet gjer det som ein heilt naturleg del av verksemda si, og viser at nynorsk er godt eigna til kommunikasjon med eit mangfaldig publikum, så lenge fokus er på god kommunikasjon i eit kort og tydeleg språk, seier Nordstoga.
STOR STAS
Kommunikasjonsmedarbeidar i Fjord1, Hilde Anita Røyrvik, seier at tildelinga er stor stas og noko selskapet er stolte av.
– Vi har nytta nynorsk målform i det offentlege rom i mange år; både om bord i fartøya, på nettsidene, i rapportar, i sosiale media og i malverket vårt. For oss er det naturleg å skrive nynorsk, der målet er å skrive på ein god og lett forståelegmåte. Det er viktig for oss å ikkje bli for konservative i skriftspråket, men vise at det går an å skrive nynorsk som alle forstår. Vi er svært audmjuke og glade for at vi vert lagt merke til, og ønskjer samtidig å takke Vener av Vinjesenteret for prisen, seier Røyrvik.
FESTKVELD I EDLAND
Utdelinga av prisen blir som vanleg eit høgdepunkt under Litteraturdagane, på den store festkvelden, laurdag 26. august.
– Eg er glad for at Storegutprisen kan bli delt ut til både enkeltpersonar og firma, og at nemda verdset levande og ledig nynorsk i næringslivet, seier vertskaps- og programansvarleg ved Vinjesenteret, Ingebjørg Nestestog Edland.
Storegutprisen
                                 
- Ein pris som vert delt ut av Litteraturdagane i Vinje.
- Prisen vert delt ut til den eller dei som på ein positiv måte bruker levande og ledug nynorsk.
- Prisen har namn etter diktsamlinga Storegut (1866) av Aasmund Olavsson Vinje.
- Prisen vert delt ut årleg frå 2002 på Edland under litteraturdagane i Vinje i Telemark.
Relaterte artikler
- 
                                                            Vant for andre året på rad17.09.2025
- 
    
- 
    
- 
                                                            Promoterer norskekysten midt på Times Square23.05.2025
- 
                                                            Prestisjetung pris til Vard07.02.2025
- 
                                                            Olympic utvider flåten etter rekordår06.02.2025
- 
                                                            Seam nominert til Handlekraftprisen16.01.2025
- 
                                                            To internasjonale priser til Vard09.02.2024
- 
                                                            Medstraum Ship of The Year06.09.2022
- 
                                                            Odfjell ble Årets Maritime Lærebedrift02.06.2021
- 
                                                            Gründersøstre nominert til Innovasjonspris10.08.2018
- 
                                                            Heder og utmerkelse til Roy Reite20.12.2016
- 
                                                            Opplæringspris til Island Offshore02.02.2016
- 
                                                            Gulen Dykkesenter vant pris20.11.2015
- 
                                                            Arbeidsmiljøprisen for 2015 til Harding05.11.2015
- 
                                                            Ulstein vann pris på Nor-Shipping02.06.2015
- 
                                                            Ulmatec Pyro Årets Bedrift04.03.2015
- 
                                                            Pris til Hurtigruten18.12.2013
- 
                                                            Ulstein fekk pris for beste innovasjon13.03.2013
- 
                                                            Bonus til alle tilsette i Ulstein Group27.05.2011
- 
                                                            Designpriser til Sperre og Lillaas12.03.2009