Nyheter
Fleire cruiseskip frå Ulstein
Publisert: 31.05.2017
Ulstein Verft har inngått ein intensjonsavtale (LOI) for bygging av eitt eller fleire ekspedisjonscruiseskip av designtypen Ulstein CX104 for ein ikkje namngitt kunde, kjem det fram av ei pressemelding.
Desse ekspedisjonsskipa vil bli eineståande i marknaden. Med fasilitetar i verdsklasse og ei polar tilpassing av skipet som overgår alt ein har sett før, vil dei reisande få ekspedisjonsopplevingar utanom det vanlege. Det er på same tid arbeidd for å minimere miljøpåverknaden og å optmialisere driftskostnadene.
- Vi har arbeidd strategisk og målretta dei siste åra for å komme inn i ekspedisjonscruisemarknaden. Denne intensjonsavtalen viser at vi er i ferd med å stadfeste posisjonen vår i denne marknaden. Vi er veldig glade for å ha blitt valt som partnar i dette spennande prosjektet, og vi ser fram til å gjere dette prosjektet om til verkelegheit, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.
Fartøya vil bli designa av Ulstein Design & Solutions AS, og har det særmerkte skrogdesignet X-Bow.
Skipa er 120 meter lange og 20 meter breie. Det har vore lagt vekt på å utvikle ein trygg og komfortabel plattform, med miljøvenlege og berekraftige løysingar. Det er også arbeidd for at passasjerane skal ha best mogleg utsikt medan ferda går gjennom nokre av dei mest spektakulære områda på kloden. Fartøya vil overgå dei seinaste lovkrava til å ta med passasjerar til arktiske og antarktiske farvatn, og er planlagde for levering i 2019 og 2020.
Signeringa av avtalen representerer eit viktig steg for å kunne realisere desse framtidige ekspedisjonsfartøya til marknaden, heiter det i pressemeldinga.

Relaterte artikler
-
SunStone Ships erklærer skip ved Ulstein
07.11.2018 -
Ny storkontrakt til Ulstein
05.10.2018 -
Prestisjekontrakt til Ulstein Verft
07.11.2017 -
Ulstein med gjennombrot innan cruise
30.05.2017 -
Bestiller cruiseskip med X-bow
20.03.2017