GC Rieber kontraherer hos Ulstein

Publisert: 01.06.2012


Ulstein har i dag inngått kontrakt på levering av eit høgkapasitets subsea konstruksjonsfartøy av SX121-design til GC Rieber Shipping, med opsjon på ytterlegare eitt skip. Nybygget skal leverast i første kvartal 2014, og har ein verdi på om lag 800 millionar kroner.

– GC Rieber Shipping er eit solid reiarlag med lang erfaring, og vi er glade for at dei valte Ulstein til dette prosjektet. Subsea er eit satsingsområde for oss og vi skal gjere vårt for at reiarlaget får eit effektivt og topp moderne offshore konstruksjonsfartøy (OCV) som dei vil ha stor nytte av i åra som kjem, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein.

– Vi er svært fornøgde med å kunne tildele denne kontrakten til eit verft i Noreg, seier administrerande direktør Irene W. Basili i GC Rieber Shipping, og held fram: - Noreg er heilt i verdstoppen når det gjeld design og kvalitet på offshore spesialfartøy. GC Rieber Shipping er medvitne på å satse på dei mest krevjande delane av offshoremarknaden, og eg er trygg på at vi får eit fartøy i toppklasse frå Ulstein.

For administrerande direktør Karsten Sævik i Ulstein Verft er dette svært gledelege nyheiter: – GC Rieber Shipping har bygd båt hos Ulstein tidlegare, og det er veldig hyggeleg at dei no igjen vel Ulstein, understrekar han.

– Dette er eit prosjekt som passar oss godt, vi har ein organisasjon som har solid kunnskap i å utvikle denne typen fartøy saman med kunden. Vi ser fram til samarbeidet med GC Rieber Shipping, og til å levere eit kvalitetsskip i samsvar med avtale.

Skipet med designtypen SX121 frå Ulstein har høgaste standard for dynamisk posisjonering (DP3).

Fartøyet er 130 meter langt og 25 meter breitt og kan oppnå ei fart på 14,5 knop, og vil vere utstyrt med ei stor hivkompensert (AHC) offshorekran med kapasitet 250 tonn ved 14 meter arm, og der vinsjen er plassert under dekk. Krana skal i hovudsak nyttast til å løfte og senke tungt utstyr på havbotnen.

Der er også to ROV-ar (undervassrobotar), den eine skal settast ut på styrbord side, og den andre gjennom moonpool.

Skipet har eit stort lastedekk for OCV-arbeid. Skipet skal ha dieselelektrisk framdrift med tre hovudazimuth-thrusterar. Skipet har kapasitet for 130 personar og vert bygd etter dei siste internasjonale miljøkrav.

Skipet vil vere førebudd for å legge rør på havbotnen med eit VLS-tårn (vertical lay system), og ein 2500-tonns roterande karusell under dekk. Det gjer også at skipet er utstyrt med to moonpoolar, ein for framtidig VLS, og ein for å sette ut ROV.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler