Nyheter
Glede over kontrakt til Island Champion
Publisert: 20.04.2016
Plattform forsyningsfartøyet Island Champion har sikra seg ei to-års kontrakt for ASCO Marine Limited, med oppstart i dag.
– Denne to-års kontrakta er vi verkeleg glade for å ha fått i hamn. Marknaden for PSVar er framleis svært utfordrande, og difor gjer det ekstra godt å ha sikra arbeid for mannskap og fartøy i to år framover, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore Management AS.
Island Champion skal operere ut frå Aberdeen, der ASCO har teke over logistikken for Chevron/Team Marine, og med denne nye kontrakta kan Island Champion dermed halde fram med å forsyne same installasjonen som den har gjort sidan båten var ny.
Island Champion sitt mannskap set sikkerheit i høgsetet og utmerkar seg med omlag 3300 dagar utan skadefråver (Lost Time Incidents).
– Vi ser at oljeselskapa fokuserar sterkt på HMS i valet av båtar, og vi er stolte av å kunne presentere slike tal som Island Champion leverer. Dette overgår standarden i bransjen, seier Ulstein.
Island Champion er av typen UT 776 E, og vart levert frå det som no er Vard Brevik i 2007.
Relaterte artikler
-
Kontrakt for Normand Skipper
08.11.2018 -
Nye kontrakter for Farstad
15.10.2015 -
Kontrakt til Parat Halvorsen på ONS
27.08.2014 -
Nye kontrakter til Solstad
21.03.2013 -
Nye kontrakter for Farstad
17.01.2011 -
Nye kontrakter til Farstad
24.11.2008