Grøn milliard-bedrift treng folk

Publisert: 18.02.2026
Linn Lysholt Falck-TF.png

Linn Lysholt Falck tar nøyaktige mål før vidare installasjon av komponentar i eit elektrisk skap. Foto: Thomas Førde

I fjor passerte bedrifta ein milliard kroner i omsetnad ved å gjera skipsfarten grønare. Veksten held fram i år.

Trass i redusert offentleg støtte til elektrifisering av skipsfarten og vaklande klimaambisjonar hos verdas skipsfartsorganisasjon, IMO, passerte Seam med hovudkontor på Husøy i Karmøy i fjor ein milliard kroner i omsetnad. Resultatet før skatt passerte samtidig hundre millionar kroner.

– Veksten vil halda fram i år, seier administrerande direktør Gunvald Mortvedt. Han legg til aktivitetsplanen ved starten av dette året er meir omfattande enn ved inngangen til noko tidlegare år. 

– Ordremassen sikrar full aktivitet og vekst for inneverande år og jamvel eit godt stykke ut i 2027. Sjølv om stimulansen til grønare skipsfart både nasjonalt og internasjonalt er blitt noko svekka, er det likevel mange reiarlag som vel å gå over til elektriske framdriftsliner om bord i skipa sine. Dette gjeld ikkje berre for norske skip.

Seam har også sikra seg kontraktar med fleire reiarlag i utlandet, mellom anna i Finland. Der skal Seam vera med å elektrifisera 15 ferjer.

I følgje Mortvedt har Seam hittil bidratt til å redusera CO2-utslepp frå 115 skip. Oppsummert skal dette ha spart atmosfæren for utslepp av nær 400.000 tonn klimagass per år. 

UTVIDAR BYGGET
Talet på tilsette aukar også jamt og trutt og tel nå 170 som er knytt til hovudkontoret. I tillegg kjem 70 medarbeidarar i Austevoll Elektro, eit selskap som Seam kjøpe for vel eit år sidan.

Fire gonger har dei utvida kontor- og produksjonslokala på Husøy. Mortvedt saman med kommersiell direktør Stian Risdal, viser oss rundt i dei nye kontorlokala, som stod ferdig for litt over eit år sidan. Her er både cellekontor, fleirmanns-kontor og meir opne kontorlandskap. Ein sal med storskjerm på veggen og kino-oppsett av stolar er bygd for å kunne gi flest mogeleg av dei tilsette info samtidig. Mortvedt viser også fram fleire mindre møterom i nybygget, kor det er installert flatskjerm på veggen.

– Me stimulerer til bruk av Teams og liknande kanalar for å halda møte over internett. Men dette skal sjølvsagt ikkje hindre fysiske møte som er nødvendig innimellom.

I første høgda ligg produksjonslokala. Der står elektroskap på fleire rekker. Langs nokre av rekkene skjer det installasjon av leidningar, kolbingar, straumførande skinner og ymse komponentar. Andre rekker med liknande skap og installasjonar er under testing og utprøving. 

Eit stort prosjekt, som nå er i produksjon er styrings og el-kraft-systemet, som skal installerast om bord i Østensjø Rederi sitt konstruksjons- og fleirbruksfartøy. 

HJARTE OG HJERNE
Kva er det så Seam kan tilby av produkt og løysingar som gjer skipsfarten grønare?

Kort sagt utviklar og leverer selskapet elektriske energisystem, som kan vera basert på batteri som einaste energikjelde, eller på hybridløysingar der batteri blir kombinert med dieselmotorar eller brenselceller.
Dei leverer det som kan kallast "hjernen og hjartet" til kraftsystemet om bord. Hjernen i skipet styrer og koordinerer kraftkjeldene om bord. Systemet kan også gi kontroll over til dømes HVAC, det vil seia anlegga for oppvarming, ventilasjon og inneklima.

Dei mange elektriske tavlene eller skap om bord kan samanliknast med eit hjarte i kraftsystemet. Frå tavlene skjer distribusjon av energi, transformering, kontroll og regulering. Ifølgje Stian Risdal kan Seam òg tilby løysingar der reiarlaget sine folk på land via internett kan få tilgang til same informasjon som dei om bord, til dømes om energiforbruk og teknisk tilstand.

– Vår serviceavdeling kan henta ut dei same data som kan analyserast og mellom anna nyttast til å spå levetida til batteria om bord. Her finst òg mange andre moglegheiter, seier Risdal.

Gunvald Mortvedt fortel at Seam  kjøper frå underleverandørar store komponentar som dieselmotorar, brenselceller, batteri og transformatorar. Dei byggjer saman kontroll- og overvakingssystema sjølve. Det same gjeld elektrisk distribusjon og reguleringssystem. Mortvedt legg til at dei har eigne ingeniør-team som utviklar systema og er arkitektar bak designet av alle system.

LANG REKKEVIDDE
For tida arbeider Seam med mange spennande prosjekt. Fleire av prosjekta ber preg av nyvinning og til dels grensesprenging innan grøn skipsfart.

Seam er hovudleverandør av den elektriske framdrifts- og kraftintegrasjonspakken til det nye heilelektriske tørrlasteskipet som K. Sætre Rederi har bestilt. Skipet skal byggjast ved Royal Bodewes-verftet i Nederland med forventa levering i mars 2028. Skipet blir om lag 70 meter langt med ein batteripakke på 13,3 MWh, noko som gir ei elektrisk rekkevidd på over 270 nautiske mil. Dette er ei rekordlengde for denne typen fartøy i sitt segment. Skipet skal frakta stål frå Mo i Rana langs norskekysten.

Berge Rederi har bestilt eit nytt bulkskip, som skal frakta marmor og kalkstein langs norskekysten. Seam skal levera det elektriske framdrift- og kontrollsystemet til dette skipet, som skal få ei rekkevidd på 230 nautiske mil basert på batteri som hovudenergikjelde. Skipet skal òg utstyrast med rotorsegl.

HYDROGENDRIVNE FERJER
Men det største prosjektet er leveransen til dei to nye hydrogendrivne ferjene som Torghatten Nord skal byggja til bruk i ferjeruta over vêrharde Vestfjorden mellom Bodø og Lofoten. Hovudenergikjelda om bord skal vera hydrogenbaserte brenselceller, som kan yta 6400 kW. Prosjektet er eitt av verdas største innan hydrogenferjer og gjeld to 117–120 meter lange fartøy med plass til 599 passasjerar, 120 bilar og lastebilar kvar. Dagleg drift skal skje basert på minst 85 prosent hydrogen og inntil 15 prosent biofuel.

Seam skal levera både "hjartet og hjernen" til desse to elektriske og hydrogenbaserte drivlinene om bord, i samarbeid med brenselcelleleverandøren PowerCell.

Tidlegare har Seam levert styrings- og integrasjonssystem til hydrogenferja Hydra, som går i eit trekantsamband i Ryfylke. Denne blei rekna som verdas første hydrogendrivne ferje. Stian Risdal fortel at Hydra har brenselceller på 400 kW, så storleiken er dramatisk mykje mindre enn systemet om bord i ferjene til Vestfjorden.

Ferja i Ryfylke nyttar flytande hydrogen, som blir frakta med tankbil frå Tyskland. Ferjene til Vestfjorden skal nytta trykksett hydrogen, som skal produserast ved eit nytt anlegg i Bodø.

– Den første hydrogendrivne ferja har fungert svært stabilt og godt, seier Gunvald Mortvedt. Han legg til at 50 prosent av driftstida nyttar ferja kraft frå hydrogen og brenselceller. 

TRYGGLEIK OG OFFSHORE
Mortvedt seier vidare at tryggleik er eit overordna omsyn når det gjeld utvikling og bygging av elektrisk styrings- og distribusjonssystem basert på hydrogendrift.

– I høve til Sjøfartsdirektoratet må me kunne dokumentera at system basert på hydrogen er like sikre som tradisjonelle system basert på dieselmotor. Dette blei gjennomført med Hydra og det vil me også oppnå med Vestfjorden-ferjene.

Gjennom fleire år har Seam levert system for ombygging av eksisterande offshore-skip til batteri/hybriddrift. På denne tida blei det bygd få eller ingen nye offshoreservicefartøy. Nå skjer det meir på nybyggfronten. Seam har fått ei stor oppgåve med levering av system for energi- og kraftstyring til eit diesel-elektrisk hybridbasert nybygg til Østensjø Rederi. Skipet, som skal byggjast i Spania hos Astilleros Gondan, blir eit fleirbruks-/konstruksjonsfartøy på 120 meter med lugarar for 180 personar.

SAL TIL KOREA
Seam har vakse fram og blitt eit interessant selskap også utanfor Norge. I desember 2025 blei det inngått avtale med Hanwha Engine om sal av alle aksjane i Seam for om lag to milliardar kroner. Hanwha Engine er eit stort sørkoreansk industriselskap og er ein del av Hanwha-konsernet, med hovudfokus på motorar, generatorar og kraftsystem for maritim og landbasert industri.

Før salet var Seam eigd av det norske private equity-selskapet Longship Fund II.

– Før alt det formelle rundt salet til Hanwha er på plass, er det ennå litt uklart kva framtida vil bera med seg, seier Gunvald Mortvedt.

– Men det er sikkert at hovudkontoret skal liggja på Karmøy, at merkevara blir vidareført og at me skal arbeida vidare i den marknaden der me hittil har gjort suksess.

Mortvedt understrekar at veksten vil halda fram: – 20 lærlingar er til ei kvar tid ved bedrifta. Vi opplever god tilgang på motiverte og dugande elevar og lærlingar. Nye ingeniørar er det hard konkurranse om i distriktet, men eg kan lova fleire nytilsetjingar i Seam også i inneverande år, seier Mortvedt.

FAKTA OM SEAM
Bransje/produkt: Elektriske og hybride kraft‑, framdrifts‑ og automasjonssystem for maritim sektor; energistyring, batteriløysingar, propulsjon og integrerte system.
Dagleg leiar: Gunvald Mortvedt.
Tal tilsette: 240 (inklusive 70 tilsette i dotterselskapet Austevoll Elektro).
Omsetnad 2024: 683 millionar kroner.
Resultat før skatt 2024: 47 millionar kroner.
Tidlegare eigar: Seam var inntil nyleg eigd av Longship Fund II, eit norsk private equity‑fond. 
Ny eigar frå desember 2025: Hanwha Engine (del av det sørkoreanske Hanwha‑konsernet) kjøpte Seam for om lag 2 milliardar kroner. 

Thomas Førde

thomas[a]maritimt.com

Relaterte artikler