Nyheter
Halv milliard for Maritime Montering-konsernet
Konsernet Maritime Montering hadde omsetnad på nær ein halv milliard i 2024, og fekk eit resultat på 19 millionar. I ei pressemelding fotel selskap og at det i desse dagar ferdigstiller oppkjøpet av ein tynnplatestål-fabrikk i India.
Maritime Montering-konsernet driv 12 selskap i Europa og Asia, der kjerneaktiviteten er komplette innreiingsprosjekt av skip, med alt frå isolering av skrog og bygging av rominndeling til møblar og interiør. Kundane er skipsverft og reiarlag frå heile verda, og Maritime Montering har i tillegg til Noreg, etablert seg i Polen, Romania, Tyrkia, India og Kina i tillegg til einskilde prosjekt i Danmark, Spania, Nederland og Færøyane.
Konsernet har produsert eigne skipsmøblar sidan 90-talet, og har i dag ein moderne fabrikk i Polen som leverer skipsmøblar til både eigne og eksterne innreiingsselskap.
I tillegg produserast veggplater, himlingplater, innerdører og baderomsmodular på eigen fabrikk i Taizhou, Kina.
Nytt oppkjøp
– Vi ferdigstiller også i desse dagar oppkjøpet av ein tynnplatestål-fabrikk i India, fortel Monica Tennøy, konserndirektør for finans i Maritime Montering.
– Fabrikken skal produsere stålkabinett, skap og andre metallmodular til innreiingsselskapa i konsernet, informerer ho vidare.
Trass økonomiske nedturar, mellom anna i 2003, finanskrisa in 2008, offshorekrisa i 2014 og pandemien i 2020-2022, har Maritime Montering Group bygd seg opp ein solid økonomisk posisjon. Tennøy peikar på ein tydeleg investeringsfilosofi der konsernet let dotterselskapa bygge ein sunn eigenkapitalbase. -Slik kan finansiell turbulens fordøyast lettare og konsernet kan halde fram med lokal vekst i marknadene sine.
Omsetnaden for konsernet enda i 2024 på 497 millionar, med eit resultat på 19 millionar.
– Totalt sett har vi auka omsetnaden med nesten 60 millionar, medan resultatet er noko ned samanlikna med 2023 som var eit eksepsjonelt godt år, legg finansdirektøren til.
ALLSIDIG MARKNADSPOSISJON
Marknadssjef, Antonina Dubograi, fortel om ein diversifisert marknadsposisjon der Maritime Montering er leiande innan fleire skipssegment, som fiskeri, ferger, militærfartøy, offshore, arbeidsbåtar og frakteskip, som igjen er fordelt på ulike land.
– Dette gjer at kraftige konjunktursvingingar totalt sett dempast og at vi samla sett kan forsvare vår marknadsandel, fortel Dubograi.
Konsernet vert leia av Daniel Garden, som er nøgd med årets resultat.
– -Vi ser at ordrereservane våre har auka siste tolv månader og vi er dermed optimistiske for både 2025 og 2026, seier han. -Vi har siste året vore gjennom ein strategiprosess som allereie byrjar å vise att i framtidsutsiktene våre. Dedikert fokus og gradvis auka profesjonalisering vil gi oss gode resultat også i åra som kjem, spår Garden.
VESTLANDSK ENTREPRENØRSKAP
Maritime Montering vart etablert i 1981 av Odd og Signe Birkeland i Bygstad i Sunnfjord, og er framleis 100 prosent familieeigd. Konsernet leiast frå Ørsta og Bygstad og har i dag i underkant av 700 tilsette.
Relaterte artikler
-
Høg aktivitet for Ulstein i 2024
04.07.2025 -
Ulstein med gode tal for 2023
24.06.2024 -
Havila Kystruten håper på strenge miljøkrav
26.04.2024 -
Ulstein Groups resultat påverka av pandemien
23.06.2023 -
Havila Kystruten på Euronext Growth
03.08.2021 -
Vellykket aksjeemisjon for Havila Kystruten
14.07.2021 -
Lyse fremtidsutsikter
06.11.2018 -
Rekordomsetning for Island Offshore
09.03.2015 -
Rette veien for Hurtigruten
07.11.2013 -
Havila venter videre vekst
08.05.2012