Nyheter
Hardhaus med batterihybrid framdrift
                                            Publisert: 22.03.2018
                                        
                                    
                                        Hardhaus AS og Salt Ship Design AS har det siste året hatt ein spanande utviklingsperiode, i arbeidet med reiarlagets nye fartøy. No er det klart at den 75 meter lange snurpar/trålaren skal byggjast ved tyrkiske Cemre Shipyard.
Med støtte frå Enova er det klart for ein ny, miljøvenleg Hardhaus med batteripakke, elektrisk dekksmaskineri og varmegjenvinning, heiter det i eit presseskriv.
Det er lagt særs mykje vekt på å optimalisere og utvikle eit energieffektivt skip. Skrogform og dimensjonar er blitt justert gjennom heile utviklingsfasen for å komme så nær det optimale som mogeleg. Reiarlaget har, forutan energisparing, fokusert på fribord, stabilitet, djupgåande og bevegelse. Modelltestprogrammet for nye Hardhaus er enno i startfasen, så utviklingsarbeidet kjem til å fortsetje ei tid framover.
Batteribanken skal i tillegg brukast som ‘peak shaving’ for å oppnå best mogleg driftsforhold for dieselmotor, og dermed redusere forbruk, utslepp og slitasje. Skipet kan seile både mekanisk og diesel-/ batterielektrisk.
 
"For Salt Ship Design har det vore lærerikt og givande å jobbe med eit så dedikert og erfarent rederi, og det  er brukt mykje tid og ressursar på å skape eit nytt og betre fiskefartøydesign. Tiltaka med batteri og elektriske vinsjar kunne ikkje vore gjennomført utan god støtte frå Enova, som har vore ein viktig bidragsytar til prosjektet", slår designselskapet fast i pressemeldinga.
 
                                    
                                 
Med støtte frå Enova er det klart for ein ny, miljøvenleg Hardhaus med batteripakke, elektrisk dekksmaskineri og varmegjenvinning, heiter det i eit presseskriv.
Det er lagt særs mykje vekt på å optimalisere og utvikle eit energieffektivt skip. Skrogform og dimensjonar er blitt justert gjennom heile utviklingsfasen for å komme så nær det optimale som mogeleg. Reiarlaget har, forutan energisparing, fokusert på fribord, stabilitet, djupgåande og bevegelse. Modelltestprogrammet for nye Hardhaus er enno i startfasen, så utviklingsarbeidet kjem til å fortsetje ei tid framover.
Både mekanisk og dieselelektrisk
Skipet vil bli utrusta med elektrisk dekksutstyr. For å ta vare på og nytte den effekten vinsjane genererer, er skipet utstyrt med ein batteribank.
Batteribanken skal i tillegg brukast som ‘peak shaving’ for å oppnå best mogleg driftsforhold for dieselmotor, og dermed redusere forbruk, utslepp og slitasje. Skipet kan seile både mekanisk og diesel-/ batterielektrisk.
 
Enova
"For Salt Ship Design har det vore lærerikt og givande å jobbe med eit så dedikert og erfarent rederi, og det  er brukt mykje tid og ressursar på å skape eit nytt og betre fiskefartøydesign. Tiltaka med batteri og elektriske vinsjar kunne ikkje vore gjennomført utan god støtte frå Enova, som har vore ein viktig bidragsytar til prosjektet", slår designselskapet fast i pressemeldinga.Relaterte artikler
- 
                                                            Ny ordre frå Mest Skipsverft28.04.2025
- 
    
- 
                                                            Ny kontrakt på tråler for Vard03.06.2024
- 
    
- 
                                                            Neste generasjons fiskefartøy for Trønderbas01.07.2022
- 
                                                            Har utviklet en helt ny serie fiskefartøy04.05.2021
- 
                                                            Ny tråler skal bygges ved Vard Brattvåg12.02.2020
- 
                                                            Aamodt bestiller to nybygg fra Karstensens18.10.2019
- 
                                                            Vard med kontrakt på ny tråler18.09.2019
- 
                                                            Bygger nytt kystfiskefartøy31.01.2019
- 
                                                            Hardhaus slepes til Frederikshavn17.09.2018
- 
                                                            Alsaker Fjordbruk bestiller ny brønnbåt22.06.2018
- 
                                                            Vard med kontrakt for nytt fiskefartøy24.05.2018
- 
                                                            Vard bygger ny hekktråler10.04.2018
- 
                                                            Havskjer kjøper ny fiskebåt15.02.2018
- 
                                                            Byggekontrakt til Havyard11.04.2017
- 
                                                            Strand-rederiet bestiller ny tråler28.03.2017
- 
                                                            Vard bygger ny pelagisk tråler02.03.2017
- 
                                                            Ny kontrakt til OptimarStette25.08.2016
- 
                                                            Havfisk kontraherer hos Vard22.02.2016
- 
                                                            Kleven skal bygge to trålarar19.06.2015
- 
                                                            Norsk Fisketransport kontraherer hos Havyard17.12.2013
