Harding åpner servicestasjon i Dubai

Publisert: 21.01.2015
harding-210115.jpg
Harding Team


Harding styrkjer verdas største servicenettverk med etableringa av ein ny servicestasjon i hjarta av den maritime næringa i Dubai. – Målet er å gi kundane våre i Midtausten endå betre kvalitet på servicetenestene, seier regiondirektør Tommy Hivand.

Etter å ha brukt ein lokal samarbeidspartnar som leverandør av servicetenester til Harding sine kundar i Midtausten sidan 2006, har Harding no etablert sin eigen, topp moderne servicestasjon i Dubai.

 ­– Harding er ein produkt- og serviceleverandør med lang erfaring og høg kompetanse innan maritimt livredningsutstyr. Ved å ta hand om servicearbeidet sjølv , i eigen servicestasjon med eigen ekspertise, ønskjer vi å gi kundane våre i Midtausten endå betre kvalitet på tenestene dei får hos oss. Investeringa viser at Midtausten er ein viktig marknad for Harding, og at vi er langsiktige i vår satsing i regionen, seier Tommy Hivand, regiondirektør for Afrika, Midtausten og India.

Servicestasjonen er lokalisert i Dubai Maritime City, sjølve hjarta i den maritime næringa i regionen. Her kan Harding tilby eit rundt 1.000 kvadratmeter stort verkstadlokale med topp fasilitetar for alle typar serviceoppdrag på livbåtar og davitar. Verkstaden vert mellom anna utrusta for å gjera skrogreparasjonar, målearbeid og livbåttesting i basseng, og vil også fungera som base for serviceingeniørar som dreg rundt i regionen på inspeksjonar og idriftsetjing av nye utstyrsleveransar.

– Lokaliseringa plasserer oss tett på kundane i ein veldig aktiv region. Stasjonen ligg nær mange verft som leverer nybygg og skipsservice i Dubai, og har ei strategisk plassering i høve den store olje- og gassrelaterte skipstrafikken i regionen. Samstundes ligg nyetableringa svært gunstig til i høve alle skipa som trafikkerer handelsrutene mellom Austen, Afrika og Europa. For internasjonale kundar som nyt godt av Harding sitt globale serviceprogram, blir stasjonen i Dubai endå eit potensielt servicepunkt i vårt verdsomspennande nettverk, framhevar Hivand.

I starten vil Dubai-stasjonen utføra service på Harding-utstyr, men  etter kvart vil Harding også kunna tilby tenestene til kundar med livbåtar og davitar frå andre produsentar.

Sidan 2011 har Harding også hatt eit salskontor i Dubai. Dette kontoret blir i løpet av året flytta til den nyetablerte servicestasjonen.

– Midtausten er ein viktig marknad for sal av nytt Harding-utstyr, og vi har på få år opparbeidd oss ein sterk posisjon som ein av dei leiande produktleverandørane i regionen.  Ved å samlokalisera sals- og servicefunksjonane våre i Dubai, vil vi kunna tilby kundane i denne regionen eit fullverdig og heilskapleg Harding-kontor, seier Hivand.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler