Havila Sirius tar over rigg

Publisert: 28.10.2021
lav_at_yme_in_december_2020_foto_repsol_bitmap.jpg
Inspirer er frå i dag på Havila sine hender. Foto: Repsol/Bitmap.
Havila Sirius har no tatt over Mærsk Inspirer som er i gang med produksjonen på Yme-feltet i Nordsjøen.

I vår vart det kjent at Havila Sirius, eit selskap som er heileigd av Havila Holding, skulle kjøpe riggen Maersk Inspirer frå Mærsk Drilling for 373 millionar USD, og 27. oktober skjedde overtakinga. Dermed er riggen på Havila sine hender, og namnet er no Inspirer.
Styreleiar i Havila Sirius, Per Sævik, seier kjøpet av Inspirer er ein rein bareboat-avtale og ei finansiell investering.

– Og vi forventar at handelen vil gi oss tilfredsstillande avkastning. Vi ser på dei fire lisensinnehavarane som solide betalarar, og vi har sett opp det vi meiner er ein vasstett avtale. 

TI-ÅRS AVTALE
Sjølve drifta av Inspirer blir tatt hand om av operatøren Repsol Norge saman med deira lisenspartnarar; ; Lotos Exploration and Production Norge AS, KUFPEC Norway ASA og OKEA ASA.. Desse skal leige riggen frå Havila Sirius i ti år. Etter ti år tek Repsol og dei andre lisensinnehavarane på Yme-feltet over riggen igjen.

Per Sævik seier han ikkje fryktar at oljealderen er over i løpet av desse ti åra.

– Samtidig som vi gjer denne, for oss, store investeringa i oljeindustrien, så har vi også brukt ein halv milliard kroner for å redusere utslepp frå kystruteskipa og rigge dei for framtidige miljøkrav, men det må vere lov å ha to tankar i hovudet på ein gong. Vi trur det blir behov olje også framover, og har no ein moderne rigg som kan vere med å dekke det behovet på ein for miljøet god måte.

Inspirer er bygd i 2004 og vart seinare ombygd til bore- og produksjonsrigg. Etter eit opphald på verftet til Aker Solutions i Egersund for oppgradering og modifisering, var den slept ut til Yme-feltet 110 kilometer sørvest for Egersund, der den no i gang med produksjonen. 

FAMILIEEIGD INVESTERINGSSELSKAP 
Havila Sirius er eigd av Havila Holding, eit familieeigd investeringsselskap i Fosnavåg på Sunnmøre med langsiktige investeringar innan reiseliv, ferjer og passasjerskip, offshoreskip, skipsteknologi og eigedom. Stein Pettersen i Wikborg Rein har vore selskapet sin juridiske partnar ved kjøpet, finansiering og bareboat-avtalen. 

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Relaterte artikler