Historisk høg aktivitet ved verfta i Kleven Maritime

Publisert: 24.06.2010
siem_ruby-240610.jpg
Siem Ruby


Det er rekordstor aktivitet ved verfta i Kleven Maritime, og komande helg er heile tre farty på prøvetur på same tid. Det har aldri hendt tidlegare i konsernet si historie.

Myklebust Verft har kystvaktfartyet KV Sortland ute på testkøyring før levering i starten av juli, og i tillegg skal Siem Topaz ut på prøvetur, levering 16. juli.

Kleven Verft skal ha Siem Ruby ut på prøvetur komande helg, også her er levering sett til 16. juli.

Det vert planlagt dobbeldåp for dei to Siem-fartya 15. juli i Ulsteinvik.

Farty: Verft: Reiarlag: Leveringsmånad:
Troms Vision Kleven Verft Troms Offshore Mars 2010
Siem Sapphire Myklebust Verft Siem Offshore Mars 2010
KV Bergen Myklebust Verft Remøy Management April 2010
Siem Aquamarine Kleven Verft Siem Offshore Mai 2010
KV Sortland Myklebust Verft Remøy Management Juli 2010
Siem Topaz Myklebust Verft Siem Offshore Juli 2010
Siem Ruby Kleven Verft Siem Offshore Juli 2010


Ei omfattande liste, og den synliggjer at det har vore gjort ein kjempeinnsats av alle tilsette for å få alle desse fartya ut i marknaden.

Kim

Relaterte artikler