Nyheter
Høyr lyden av Voldamotoren
                                            Publisert: 12.06.2013
                                        
                                    Førstkomande laurdag inviterer Scana Volda lokalsamfunnet til open dag og feiring av 100 års jubileet deira.
Scana Volda fyller 100 år i 2013, og dette skal feirast med fleire arrangement, der det første i rekkja er open dag laurdag 15. juni.
Å bli 100 år er inga sjølvfølgje verken for personar eller bedrifter, og det er med stoltheit dei tilsette ved Scana Volda ynskjer publikum velkomne til å sjå og høyre kva som vert utretta ved bedrifta i dag, og også få eit glimt av industrihistoria som ligg bak.
Scana Volda er i dag ein anerkjent leverandør av propellanlegg til det internasjonale markedet. Atskillige skip innan offshore, fiskeri og større handelsfartøy er utstyrt med Scana Volda framdriftsanlegg. Samarbeid med andre aktørar i markedet har vore eit sentralt tema frå tidleg i Volda Mekaniske si historie, og det er akkurat samarbeid som har gjort at denne bedrifta har klart å lykkast på det internasjonale markedet. Godt samarbeid med tøffe kravspesifikasjoner frå rederi, verft og designselskap i den maritime klynga i Norge har ført til produktutvikling og konfigurasjonar av avanserte gir og propellanlegg, og gjort at Scana Volda har fått eit sterkt namn i det internasjonale markedet.
Det siste innen produktutvikling og samarbeid er eit propellsystem med kontraroterande propell tilkopla to permanentmagnet motorer for ein PSV til Ugland som skal byggast ved Kleven Verft. Konseptet er utvikla i samarbeid med Salt Ship Design, og delar og meir informasjon om dette systemet vert å sjå under open dag.
– Dette systemet har vorte presentert verda over på messer siste året, og det vekkjer stor merksemd i markedet» seier Kirsti Gjørvad, Salgs- og markedsdirektør ved Scana Propulsion. – Vi gler oss til å vise fram dei konsepta vi arbeider med til publikum denne dagen, og for å synleggjere kva skipstyper vi leverer til har vi fått låne fleire båtmodellar frå rederi og designselskap i området», avsluttar Gjørvad.
Scana Volda opnar portane klokka 11.00 laurdag og då står det opning av Scana Volda bedriftsmuseum og oppstart av Voldamotor i museet først på programmet.
Så går det slag i slag utover dagen med helsingar, musikk og quiz om bedrifta. Grillmat, kaker, is, brus og kaffi blir det sjølsagt også til alle gjestane.
Scana Volda skal feire jubileet heilt fram til kl. 17.00 på ettermiddagen.
Relaterte artikler
- 
                                                            Vestlandsk samarbeid om maritim utdanning02.10.2025
- 
    
- 
                                                            Promoterer norskekysten midt på Times Square23.05.2025
- 
    
- 
                                                            Opnar museum for "sjøens stavkyrkje"16.05.2025
- 
                                                            Kraftfull satsing på havvind12.05.2022
- 
                                                            Satsing på havvind10.02.2022
- 
                                                            Havyard 100 år16.11.2018
- 
                                                            Tas av børs i november16.10.2018
- 
                                                            Lanserer Open Simulation Platform20.03.2018
- 
                                                            Blir testfjord for fremtidsskip29.09.2017
- 
                                                            Første dag for Blue Fish messen i Ålesund29.08.2017
- 
                                                            Ålesundskonferansen nærmer seg29.03.2016
- 
                                                            Trivelig besøk10.03.2016
- 
                                                            Nytt maritimt senter i Gjerdsvika08.12.2015
- 
                                                            2400 studenter til Ocean Talent Camp Møre22.09.2015
- 
                                                            Hundre år med skipsbygging03.07.2015
- 
                                                            Grand Canyon II døpes i morgen20.03.2015
- 
                                                            Normand Vision døpt02.07.2014
- 
                                                            Sjøforsvaret feirer 200 år03.04.2014
- 
                                                            Nogva feirer 100 år03.09.2013
- 
                                                            Aqua Nor godt i gang14.08.2013
- 
                                                            Ålesundkonferansen 201221.05.2012
- 
                                                            Bedrifter får møte studentene ved NTNU25.10.2011
- 
                                                            Skipsfartskonferanse på NTNU18.02.2011
- 
                                                            Alt klart for jubileumsmesse06.07.2010
- 
                                                            Navarsete døyper Olympic Zeus19.03.2009
- 
                                                            Hurtigruta 115 år i dag02.07.2008
