I gang med utrustinga av Nexans Aurora

Publisert: 16.06.2020
Utrustinga av Nexans Aurora har tatt til på Ulstein Verft.

I juni 2018 signerte Nexans og Ulstein ein skipsbyggingskontrakt på eit stort, DP3, kabelleggingsfartøy (CLV) for å støtte marknader som havvindindustrien. Byggeprosjektet er no på veg over i ein ny fase ved at utrustingsarbeidet på Ulstein Verft no skal ta til.

Skroget til Nexans Aurora kom fram til Ulstein Verft 15. juni 2020 etter nokre dagars slep frå CRIST i Polen. Skroget vert no taua inn i dokkhallen ved Ulstein Verft, og etter dette vil aktivitetar som utrusting, elektrisk arbeid, isolasjon og rørlegging ta til. Ulstein Verft skal også installere hovudkomponentar som mellom anna hovudgeneratorsett, kraftpakke, dekksmaskineri, vinsjar og toppsideutstyr.

Nexans Aurora måler 149,9 meter i lengda og 31 meter i breidda. Ho blir førebudd for vertikale kabelleggingsoperasjonar og komplekse konstruksjonsoppgåver på havbotnen på djupt vatn. Skipet har også kapasitet både på struktur og system, og fleksible designfunksjonar slik at det enkelt kan bli tilpassa framtidige behov.

Fartøyet har også eit dedikert og lukka område for kabelspleising. Det gir eit kontrollert miljø som sikrar same standard som levert frå fabrikk.

Kurt Vadset

Relaterte artikler