Nyheter
I gong med utrustinga av nytt havvindskip
Publisert: 10.12.2018
Acta Centaurus skal leverast frå Ulstein til Acta Marine i starten av andre kvartal 2019. Foto: Per Eide Studio
Ulstein Verft er no i ferd med å utruste sitt andre walk-to-work konstruksjonsstøttefartøy til havvindindustrien for Acta Marine. Acta Centaurus, av designtypen ULSTEIN SX195, vil i løpet av dei komande månadene bli utrusta, kommisjonert og utførleg testa.
Design- og engineeringsarbeidet har pågått lenge, og no kan endeleg utrustinga av skipet ta til, melder Ulstein Verft i eit presseskriv.
Ved levering ved starten av andre kvartal 2019, vil Acta Centaurus, saman med Acta Auriga og Acta Orien, utgjere det tredje fartøyet I Acta Marine sin flåte som vil vere dedikert til walk-to-work, offshorelogistikk og overnattingstenester for ulike kundar innan offshore-fornybar og offshore-energibransjen.
Acta Marine har ein allsidig flåte på over 40 fartøy. Det familiedrive selskapet starta verksemda i 1970.
I pressemeldinga nemner Ulstein nokre av høgdepunkta med nybygget:
- Sikker og trinnlaus person- og lastoverføring med rørslekompensert gangveg opp til 3 meter signifikant bølgjehøgde
- 3D-rørslekompensert knekkbomkran for 6 tonns lastehandtering i sjøforhold opp til 2,5 meter signifikant bølgjehøgde
- Optimal skrogform med ULSTEIN X-BOW® og ULSTEIN X-STERN® for å kunne arbeide under ugunstige vêrforhold
- Toppmoderne hotellfasilitetar for inn til 120 personar
- 1000 kvadratmeters dekksplass for lastlagring
- Helikopterdekk

Relaterte artikler
-
Ombygging gir jobb til mange
20.01.2022 -
I gang med utrustinga av Nexans Aurora
16.06.2020 -
Havyard klar til utrustning av brønnbåt
21.11.2013