Nyheter
Innfører strakstiltak i Hardangerfjorden
                                            Publisert: 08.04.2008
                                        
                                    Fiskeriministeren innfører frå i dag strakstiltak i Hardangerfjorden. Det blir frå i dag ikkje mogleg å klarere nye lokalitetar for laksefisk eller å utvide eksisterande lokalitetar.
- Eg meiner at situasjonen i Hardangerfjorden no krev særskilde forvaltningstiltak retta mot havbruk. Det er viktig for meg å sikre ei berekraftig forvalting av oppdrettsnæringa i Hardangerfjorden. Dette må gjerast både gjennom nytenking når det gjeld forvaltingstiltak og meir forsking, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.
Med verknad frå i dag er det ikkje mogleg å klarere nye lokalitetar for laksefisk eller å utvide eksisterande lokalitetar i Hardangerfjorden. Etter ei konkret vurdering kan det likevel gjevast klarering for lokalitetar og løyve til flytting til ein annan lokalitet i Hardangerfjorden. Tiltaka er sette i verk for å gi ein samla og klår gevinst for bereevna til fjordområdet, for å betre fiskehelsa, redusere problem med lakselus og for å betre tilhøva for villaks og sjøaure og den langsiktige utviklinga til næringa.
Det vil og bli nye restriksjonar på flytting av fisk til lokalitetar i Hardangerfjorden. Fram til i dag kunne oppdrettarar berre sende ei melding til styresmaktene om dette. Frå i dag må det søkjast om slik flytting. På denne måten kan styresmaktene få betre kontroll med vidare auke i mengda av oppdrettslaks og -aure i Hardangerfjordområdet.
Ved tildeling av lokalitetar har styresmaktene tradisjonelt sett på den einskilde lokalitet og eit nærområde rundt denne.
- Strakstiltaka inneber ei mellombels frysing av dagens situasjon i Hardangerfjorden, til ei meir permanent forskrift er utarbeidd. Denne vil bli send på høyring og vedteken innan utgangen av 2008. Det er altså snakk om å ”setje ein fot i bakken” medan ein ventar på ei avgjerd om meir permanente tiltak, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.
Relaterte artikler
- 
    
- 
    
- 
                                                            Oslofjorden er i dårlig tilstand21.01.2025
- 
                                                            Stadt med ny offshorekontrakt i Asia17.01.2025
- 
                                                            Ny nasjonal eksportsatsing på sjømatnæringen15.10.2024
- 
                                                            - Regjeringen bør trekke mineral-forslag04.10.2024
- 
                                                            Fiskerne bekymret for havvindforslaget26.04.2023
- 
                                                            Regjeringen skal lage oppdatert havstrategi12.02.2019
- 
                                                            Solid erstatter som fiskeriminister13.08.2018
- 
                                                            Fiskeriminister på Ålesundsbesøk13.01.2016
- 
                                                            Per Sandberg er ny fiskeriminister16.12.2015
- 
                                                            Aqua Nor 2015 er i gang18.08.2015
- 
                                                            På terskelen til et nytt haveventyr14.08.2012
- 
                                                            Fiskeriministeren åpner Nor-Fishing13.08.2012
- 
                                                            FHL roser regjeringen12.02.2009
- 
                                                            Mindre rømming fra oppdrettsanleggene24.04.2008
