Internasjonalt gjennombrot for Stadt

Publisert: 25.11.2011


Verdens største skipsverft – Samsung Heavy Industries i Korea med sine 197 skip i ordre, har bestilt elektrisk framdriftteknologi frå Stadt AS i Gjerdsvika. Det er det patenterte No-Loss Drive systemet frå Stadt som no får innpass i verdens største skipsbyggingsnasjon.

– Samsung har saman med koreanske miljømyndigheiter sett stort fokus på utvikling av ein meir berekraftig framdriftsteknologi for sine skip. Reduksjon av CO2, NOx og brennstoff er viktige mål, samt overgong frå olje til gass, fortel Hallvard Slettevoll, direktør i Stadt.

– Det å separere kraftproduksjonen frå propellsystemet slik ein kan gjere i ei gass-elektrisk løysing er svært gunstig. Gassmotorane får gå med jamn belastning uavhengig av kor mykje kraft ein vil ta ut på propellen som erdriven av Stadt sitt effektive No-Loss drivsystem, seier han.

– For Stadt AS representerer ordren eit internasjonalt gjennombrot for den nye teknologien. At det er nettopp Samsung som her går i spissen med å ta den i bruk internasjonalt i eit høgt profilert miljøprosjekt er ikkje mindre interessant, og gir håp om at dette berre er starten på ein kraftig internasjonal ekspansjon for Stadt, seier Slettevoll.

Sidan 2008 er det i tillegg seks norsk skip som har fått installert tilsvarande teknologi, men då i diesel-elektrisk utførelse. Driftserfaringane med desse skipa er svært gode, og er langt på veg eit prov på at teknologien er langt meir robust enn den teknologien som Stadt og andre konkurrentar har hatt tidlegare. Den nye No-Loss styringa er designa for ei levetid på meir enn 25 år.

Stadt har brukt lang tid på utvikling av dette som er deira 5. generasjons teknologi. – Med 25 års erfaring innan marin elektroteknisk utvikling, er det gledeleg å sjå at arbeidet ber frukter på ein måte som kan få global betydning for miljøet, samtidig som det vil gjere internasjonal skipsfart meir berekraftig og betre inntjeninga for rederia, seier Hallvard Slettevoll.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler