Nyheter
Island Constructor Ship of the Year 2008
Publisert: 21.08.2008
- Det vert bygde mange avanserte offshorefartøy i bransjen i dag. Det er difor ei stor ære at OSJ fann Island Constructor verdig denne
prestisjetunge prisen. Medarbeidarane i Ulstein deler denne utmerkinga med reiarlaget og utstyrsleverandørar som har lagt inn mykje tid og krefter for å skape dette unike skipet. Å bli tilgodesett "Ship of the Year" 2008 utmerkinga gjer oss trygge på at strategien vår om å utvikle nye system og løysingar er rett. Dette er også ein flott inspirasjon for å generere nye innovasjonar og framtidsretta skip også i åra som kjem, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulsteinkonsernet.
Juryen grunngjev mellom anna valet slik:
" Ship of the Year 2008 fall på Island Constructor då skipet har ein spesielt allsidig og innovativ design.
Island Constructor er eit veldig imponerande skip på mange måtar, med mange viktige innovasjonar og nyutvikla løysingar.
Island Constructor har komfortklasse (C3)(V3), og når OSJ var om bord på delar av sjøprøvene, fann vi at skipet var veldig stille sjølv om fleire trappegangar enn vanleg stod opne. På flat sjø var lyd- og vibrasjonsnivåa så låge at det var vanskeleg å seie om skipet var i fart i det heile, eller i kva fart.
Island Constructor er også bemerkelsesverdig i og med at det er det første skipet med det nye IP-baserte ULSTEIN COM® kommunikasjonssystemet frå Ulstein Elektro. Fartøyet er også det første som er utstyrt etter den nye innreiingsprofilen Ulstein Accomodation Standard. Intensjonen med innreiingsprofilen er å legge til rette for meir moderne innreiing og løysingar om bord for å møte forventningane til ein ny generasjon med sjøfolk."
Ulstein vann også den prestisjetunge " Ship of the Year " utmerkinga frå OSJ i 2006. Den gongen for ankerhandteraren Bourbon Orca, det første skipet med ULSTEIN X-BOW®.
Relaterte artikler
-
Island Offshore bestiller kjempeskip
27.01.2014 -
Island Offshore bygger på Ulstein
20.12.2012 -
Island Offshore bestiller hos STX
29.06.2012 -
Far Samson utropt til Ship of the Year 2009
03.06.2009 -
Island Wellserver årets skip 2008
24.09.2008 -
Island Constructor levert
26.05.2008