Nyheter
Island Discoverer er døypt og levert
                                            Publisert: 01.06.2021
                                        
                                    Island Discoverer er av typen UT 717 CDX, designa av Kongsberg Maritime, og er den femte av denne typen i flåten til Island Offshore.  Foto: Anne Lise Osnes
                                    
                                        Plattform supplyskipet Island Discoverer vart døypt under ein enkel seremoni i, med Claudia Hessen som stolt gudmor for skipet. Bygg nr. 813 frå VARD har vore under ferdigstilling i Tomrefjorden ved Vard Langsten denne våren, etter utsetting grunna vanskelege marknadstilhøve.
 
Oerleveringa til Island Offshore kunne no endeleg finne stad, og offshorefartøyet er no klar til å innta marknaden på norsk sokkel.
STOLTE OG TAKKNEMLEGE
– Det er alltid spennande med overlevering av nytt skip, og vi er stolte og takknemlege for at flåten vår blir utvida. Vi ser fram til å sette Island Discoverer i arbeid i ein marknad som viser teikn til betring etter mange krevjande år. Eg ynskjer mannskapet lukke til med operasjonen og håpar at kundane tek godt imot båten, seier Tommy Walaunet, administrerande direktør i Island Offshore Management AS.
Island Discoverer vil drive frakt og forsyning av både flytande og tørr last i tankar, samt av konteinarar og røyr på dekk. Båten er 86 meter lang og 18,5 meter brei, og med eit dekksareal på 900m2 kan Island Discoverer seiast å vere ein medium stor PSV. Det er lugarplass til 26 personar om bord, og skipet vil flaggast i NOR med eit mannskap på 13. Island Discoverer er av typen UT 717 CDX, designa av Kongsberg Maritime, og er den femte av denne typen i flåten til Island Offshore.
GODT SAMARBEID
– Det er ei glede å få arrangere skipsdåp saman med Island Offshore nok ein gong, og eg vil nytte høvet til å takke Island Offshore for oppdraget. Dette er eit resultat av ein relasjon som no er inne i tredje ti-året, med fleire titals skip levert til same reiarlag. Vi håpar å kunne halde fram med det gode samarbeidet, og at vi i framtida kan samlast igjen for å feire ei ny overlevering. På vegne av Vard, ynskjer eg båt og mannskap hell og lukke, seier Fredrik Mordal Hessen, General Manager Offshore and Spesialized vessels.
                                 
Relaterte artikler
- 
    
- 
    
- 
                                                            Ny offshore-kontrakt for Myklebust Verft21.11.2024
- 
                                                            Nybyggingskontrakt for Green Yard Kleven14.10.2024
- 
                                                            Rem Offshore kontraherer fremtidens fartøy21.03.2024
- 
                                                            DeepOcean chartrer ombygd offshorefartøy09.01.2024
- 
                                                            Skal bruke ubemannet fartøy fra DeepOcean10.10.2023
- 
                                                            DeepOcean leier ubemannet fartøy01.08.2023
- 
                                                            USV AS bestiller første ubemannede fartøy18.07.2023
- 
                                                            TTS Pioneer – rett i jobb03.05.2022
- 
                                                            Norside kjøper ‘Farland’19.01.2022
- 
                                                            Island Victory døypt og rett i arbeid10.02.2020
- 
                                                            Endelig levert08.08.2017
- 
                                                            Det lysner i offshoremarkedet08.02.2017
- 
                                                            Namsos levert til Norsk Fisketransport22.12.2015
- 
                                                            Technip avslører navnet på Vard-nybygg20.11.2014
- 
                                                            FS Stormy døpt i helgen31.03.2014
- 
                                                            Havyard klar til utrustning av brønnbåt21.11.2013
- 
                                                            Kongsborg døpt i Stavanger17.06.2013
- 
                                                            Ulstein leverer ny Viking30.08.2012
- 
                                                            Acergy Havila snart leveringsklar02.09.2010
- 
                                                            Nytt konsept fra STX på oljeoppsamlingsskip25.08.2010
- 
                                                            Dåp av Geo Coral og Island Enforcer11.08.2010
- 
                                                            Skandi Aker klar for oppdrag14.05.2010
- 
                                                            Vi går om bord i Boa Thalassa23.12.2008
- 
                                                            Gjøa tar form06.10.2008