Nyheter
Island Intervention døypt i dag
                                            Publisert: 12.08.2011
                                        
                                    | Konstruksjonsfartøyet Island Intervention av typen SX121 design frå  Ulstein vart døypt i dag. Reiarlaget Island Offshore har store  forventningar til fartøyet som i haust skal ut på avansert arbeid i  Norskehavet. Island Offshore er i dag verdas største leverandør innanfor lett brønnintervensjon og administrerande direktør i reiarlaget Håvard Ulstein seier at alle fartøya deira er fullbooka med arbeid: – Dette nye fartøyet vil bli eit svært viktig tilskot i flåten vår. Island Intervention skal i haust installere ein serie med ”produksjonstre” på havbotnen for eit norsk oljeselskap i Norskehavet. Dette er svært avansert arbeid, men vi er trygge på at med det rette mannskapet vil dette fartøyet vere det beste verktøyet for jobben. Våre erfaringar med systerskipet Island Constructor levert frå Ulstein er svært gode, vi har difor store forventningar til dette nye fartøyet, avsluttar Håvard Ulstein. Fartøyet er 25 meter breitt og 120 meter langt. Det har innreiing for 100 personar. Fartøyet er utrusta med tårn for modulhandtering, moonpool, ROV-hangar, offshorekran, helikopterdekk og dieselelektrisk framdriftssystem. Fartøyet er også utstyrt med Ulstein COM og Ulstein IAS. | 
Relaterte artikler
- 
                                                            Vard skal bygge mer for Island Offshore28.08.2024
- 
    
- 
                                                            DeepOcean chartrer ombygd offshorefartøy09.01.2024
- 
    
- 
                                                            Island Discoverer er døypt og levert01.06.2021
- 
                                                            Island Victory døypt og rett i arbeid10.02.2020
- 
                                                            Island Diligence overlevert og døpt13.06.2018
- 
                                                            Ny arbeidshest til Island Offshore26.01.2015
- 
                                                            Dobbeldåp for Island Offshore08.11.2014
- 
                                                            Island Offshore kontraherer hos Vard03.10.2014
- 
                                                            Island Offshore bestiller hos Vard23.05.2014
- 
                                                            Island Pride døpt31.03.2014
- 
                                                            Island Offshore bestiller kjempeskip27.01.2014
- 
                                                            Island Offshore kontraherer avansert fartøy29.11.2013
- 
                                                            Kongsborg døpt i Stavanger17.06.2013
- 
                                                            Vard bygger for Island Offshore03.05.2013
- 
                                                            Island Offshore bygger på Ulstein20.12.2012
- 
                                                            Island Offshore bestiller hos STX29.06.2012
- 
                                                            Kontrakt til Island Constructor27.04.2011
- 
                                                            Nytt tilskudd til Island Offshores flåte26.06.2009
- 
                                                            Island Commander døpt ved Aker Brygge17.06.2009
- 
                                                            Island Constructor levert26.05.2008
