Nyheter
Island Offshore bestiller hos Vard
                                            Publisert: 23.05.2014
                                        
                                    Island Offshore har signert kontrakt med Vard Brevik om bygging av eit stort installasjonsfartøy designa av Rolls-Royce. Dette vert eit multifunksjonsfartøy med eit vidt bruksområde, og det tredje største fartøyet i flåten til Island Offshore.
Island Victory vert navnet på nybygget, og designtypen er beteikna UT 797 CX. Båten vil vere utstyrt med ei 250 tonns offshorekran, to ROVar og ein stor moonpool og vil kunne utføre subsea installasjonsjobbar på store havdjup, som nedsetting av «juletre» og generelt vedlikehald. Med ei trekkraft på over 400 tonn kan båten også nyttast til tung ankerhandtering.
– Dette vert ein kraftig plugg med stor anvendelse; Island Victory vil faktisk få ei trekkraft på 280 tonn berre ved hjelp av dieselelektrisk framdrift. Ein kan samanlikne det med ankerhandterarane våre Island Vanguard og Island Valiant på stereoider, seier Håvard Ulstein, administrerande direktør i Island Offshore.
Med ei breidde på 25 meter, og ei lengde på omlag 123 meter, får Island Victory eit dekksareal på heile 1100 kvadratmeter. Fartøyet vil dermed kunne laste opp heile ankersett på dekk noko som også gjer det ideelt til prelegging av anker.
– Vi har stor tru på at båten kjem raskt i operasjon etter levering då behovet for vedlikehald av subseabrønnar berre aukar i omfang. I tillegg egnar båten seg utmerka som ankerhandterar også, så vi har fleire bein å stå på, seier Ulstein.
Med plass til 110 mann kan skipet også nyttast som accomodation-fartøy ute på oljefelta.
Planlagt levering er juni 2016 frå Vard Brevik. I tillegg til denne siste kontrakten, har Island Offshore også nyleg kontrahert to offshore supplyfartøy av typen Rolls-Royce UT 717 CDX som skal ferdigstillast ved Vard Brevik i Q3 og Q4 2015.
Relaterte artikler
- 
    
- 
    
- 
                                                            USV AS bestiller første ubemannede fartøy18.07.2023
- 
                                                            Edda Wind bestiller ytterligere tre CSOVer02.02.2022
- 
                                                            Ny kontrakt til Grovfjord Mek. Verksted28.08.2018
- 
                                                            Vard bygger nytt servicefartøy03.11.2017
- 
                                                            Endelig levert08.08.2017
- 
                                                            Havyard MMC leverer til ny brønnbåt16.02.2017
- 
                                                            Vard Søviknes skal levere cruiseskip12.08.2016
- 
                                                            Namsos levert til Norsk Fisketransport22.12.2015
- 
                                                            Utsetter levering fra Vard Brattvaag21.12.2015
- 
                                                            Esvagt velger Havyard-design08.12.2015
- 
                                                            Ny kontrakt til Havyard01.07.2015
- 
                                                            Ny kontrakt til Vard Søviknes08.06.2015
- 
                                                            Rem utsetter levering fra Vard19.12.2014
- 
                                                            Havyard bygger hybrid PSV15.04.2014
- 
                                                            To nye oppdrag til Ulstein Verft24.02.2014
- 
                                                            Flytende kunstgalleri28.01.2014
- 
                                                            Rem Offshore kontraherer PSV23.01.2014
- 
                                                            Norsk Fisketransport kontraherer hos Havyard17.12.2013
- 
                                                            Havyard klar til utrustning av brønnbåt21.11.2013
- 
                                                            Farstad bestiller OSCV fra Vard22.08.2013
- 
                                                            Kongsborg døpt i Stavanger17.06.2013
- 
                                                            Møkster kontraherer hos Vard23.04.2013
- 
                                                            Ny ordre til Hellesøy Verft31.10.2012
- 
                                                            Havila bestiller nybygg hos Havyard23.06.2011
- 
                                                            Ny kontrakt til STX OSV Brattvaag25.03.2011
