Nyheter
Island Offshore og TechnipFMC i samarbeid
Publisert: 02.02.2018
Illustrasjonsbilde: Forsyningsskipet Island Clipper, levert fra Vard Brevik i 2015. Foto: Gunder T. Sandersen
Dette innholdet er forbeholdt abonnenter
Abonner eller logg inn for å se innholdet
Island Offshore og TechnipFMC inngår strategisk samarbeidsavtale innan lett brønnintervensjon.
Dei to selskapa har signert ei strategisk samarbeidsavtale for leveransar av lett brønnintervensjonstenester (LWI) verda over, meldes det i eit presseskriv.
Aksjemajoritet i IOSS
TechnipFMC kjøper samstundes majoriteten av aksjane i Island Offshore Subsea AS (IOSS), eit heilleigd dotterselskap av Island Offshore Management AS. IOSS held til i Stavanger, og leverer LWI prosjektledelse og operasjon, engineeringstenester for plugging av brønnar, kveilerørsteknologi og brønnkompletteringsoperasjonar. Omlag 80 personar har sitt daglege virke i denne organisasjonen.
– Vi har hatt eit fruktbart samarbeid med TechnipFMC over fleire år, og vi ser no at ei enda tettare integrering av selskapa og tenestene våre er rett for å kunne utvikle og styrkje posisjonen vår innan lett brønnintervensjon, både i Noreg og internasjonalt, seier Morten Ulstein, styreformann i Island Offshore-gruppa.
Utvidar tenestespekteret
IOSS har utvikla patentbeskytta design relatert til plugging av subseabrønnar (P&A) og kveilerørsteknologi. Gjennom det strategiske samarbeidet og kjøpet av aksjemajoriteten, vil Island Offshore Subsea AS utvide tenestespekteret til også å inkludere TechnipFMC sine tenester innan lett brønnintervensjon verda over. Selskapet vil i tillegg tilby prosjektering og engineeringstenester, samt vere ansvarleg for forretningsutvikling og teknisk sal av LWI-tenester.
– Vi er no i stand til å levere komplette brønnintervensjonstenester til alle marknader globalt. Så langt har samarbeidet med Island Offshore ført til vesentleg betring i produksjonen for meir enn 300 subseabrønnar, og vi er no klare til å ta dette eit steg vidare, seier Hallvard Hasselknippe, President, Subsea Projects hjå TechnipFMC.