Island Offshore sikrar langvarig arbeid

Publisert: 27.12.2023
Island Offshore har sikra seg langvarig arbeid for Island Condor, som kan sjå fram i særs stabil drift framover. Over sommaren ventar ei kontrakt på 4,5 år. Myklebust Verft skal bygge om forsyningsfartøyet til konstruksjonsfartøy.

– Ei fantastisk julegåve til reiarlaget! Vi har jobba særs målretta for å sikre oss lengre oppdrag, og vi er takknemlege for tilliten som kunden viser oss, seier administrerande direktør i Island Offshore Management AS, Tommy Walaunet.

BYGGAST OM 
Island Condor har i mange år jobba som walk-to-work fartøy på britisk sektor, men har siste året vore involvert i norske prosjekt. No skal båten byggast om for ei langvarig kontrakt med ein norsk kunde, og kursen er dermed lagt for dei neste 4,5 åra.

– Våre forventingar for komande år vert med dette vidareført og forsterka. Vi har god erfaring med å tilpasse skip til nye og attraktive segment, og at eit av forsyningsskipa våre no vert bygd om for anna verksemd er eit resultat av satsingsvilje, nytenking og drivande dyktige tilsette i organisasjonen, seier Walaunet.

SKAL JOBBE SOM KONSTRUKSJONSSKIP 
Island Condor skal frå hausten jobbe som konstruksjonsskip og vert utstyrt med to ROV (fjernstyrte undervassfarkostar), offshorekran, helikopterdekk og ein større batteripakke. Midtseksjonen på skipet vert forlenga, inklusiv innreiing, og ROV-hangar skal byggast. Båten vert dermed rigga for å utføre inspeksjonsarbeid, kranarbeid og liknande mot både olje og gass og fornybar sektor. Island Condor har SPS klasse med lugarkapasitet til 83 personar, og har dermed god kapasitet til klientmannskap.

KREVJANDE OMBYGGING 
Båten skal ombyggast ved Myklebust Verft, og leverast til kunde i september 2024.

– Dette er ei stor og krevjande ombygging for Island Condor, og då er det ekstra hyggeleg å kunne nytte lokale krefter og leverandørar. Vi har eit langt og godt samarbeidsforhold til Myklebust Verft og andre leverandørar i regionen, og ikkje minst er det lettare for oss å følgje opp framdrifta når skipet vert liggande så nært kontoret, seier Walaunet.

MV Island Condor vart bygd ved Vard Brevik, og overlevert til reiarlaget i 2014. MV Island Condor kjem til Mykjebust i starten av april 2024. I løpet av eit opphald på 5 månadar skal fartøyet forlengast i midtseksjonen inklusiv innreiing, samt få montert offshorekran og helikopterdekk. 

Vidare skal det byggast ein ROV hangar, og fartøyet skal utrustast med ein større batteripakke. Etter levering i august 2024 skal fartøyet etter planen rett i operasjon.

LOKALE LEVERANDØRER
Både for verft og reiarlaget har det vore viktig å nytte seg av leverandørar av utstyr og tenester frå den lokale maritime klynga.

– Vi er glade for at Island Offshore igjen har valt Myklebust Verft som samarbeidspartnar. Samarbeidsforholdet mellom Island Offshore og Myklebust strekker seg langt tilbake i tid. Vi ser det som nok ei tillitserklæring frå reiarlaget at vi igjen har blitt valt for eit så stort og viktig oppdrag, seier Kristin Hide dagleg leiar i Myklebust Verft.

 Flåten til Island Offshore tel no 21 båtar i operasjon, og dei fleste av båtane er sikra godt med arbeid inn i 2024 og vidare.

John Inge Vikan

jiv[a]maritimt.com

Relaterte artikler