Nyheter
Island Performer levert frå Ulstein
                                            Publisert: 08.07.2014
                                        
                                    Ulstein Verft sitt subsea-nybygg, Island Performer, vart levert i dag til reiarlaget Island Offshore. Det fleksible fartøyet er spesialtilpassa for eit femårig oppdrag for FTO i Mexicogolfen.
– Fartøyet er tilpassa dei oppgåvene det skal utføre i kontrakten med FTO, der RLWI (boring utan stigerør/lett brønnintervensjon) og IMR (kontroll/vedlikehald/reparasjon) er dei viktigaste oppgåvene. Skipet er i stand til å utføre operasjonar på djupner ned til 3.000 meter, og den kontraktsfesta oppstarten er ved årsskiftet, seier administrerande direktør Håvard Ulstein i Island Offshore.
– Det første oppdraget for skipet vert her i Noreg, i samband med at det skal gjerast undersøkingar av havbotnen for RogFast, fastlandssambandet mellom Haugesund og Stavanger.
– Eit stort intervensjonstårn er installert over den 8 gongar 8 meter store hovudmoonpoolen. Skipet er utstyrt med ei 250-tonns AHC (aktiv hivkompensert) offshorekran med ein vinsj under dekk. Vidare har det to fjernstyrte miniubåtar (ROV) for arbeid på djupt vatn, den eine for å sette ned gjennom ein eigen moonpool og den andre for å sette ut frå styrbord side, forklarar Ulstein.
Island Performer er neste generasjons subseafartøy frå Ulstein, med stor lagrings- og løftekapasitet. Skipet tilfredsstiller dei høgaste standardar mellom anna for dynamisk posisjonering (DP = evne til å halde ein fast posisjon) og redundans (oppretthalden funksjonsevne ved alvorleg feil). Skipet har DNV GL sin høgaste klassenotasjon DYNPOS AUTRO. Dei to DP-sonene har kvar sine maskinrom med flaum- og brannsikre skott mellom. «Operation+», eit 3-splitta systemoppsett for hovudmaskineriet, gjer at skipet kan oppretthalde systemintegritet og halde fram med arbeidet utan å avbryte sjølv ved ein vesentleg feil når skipet vert operert i DNV GL sin nest høgaste DP-notasjon, DYNPOS AUTR.
Hovuddata:
• SX121-DESIGN
• Største lengd: 130,0 meter
• Breidde: 25,0 meter
• Dødvekt med tårnet montert: 7.300 tonn
• Prøveturhastigheit: 15,25 knop
• Innreiing: 130 personar
• Skinnesystem på overbygd dekk: 100 tonn
• Hovud-moonpool: 8,0 meterx8,0 meter
• ROV-moonpool: 4,9 meterx4,9 meter
• 300 tonn SWL modulhandterings-/intervensjonstårn
• 250 tonn AHC offshorekran med hovudvinsj under dekk
• 2 arbeids-ROV-ar for djupvassarbeid med LARS-system (launch and recovery system), den eine ROV-en for utsetting over skutesida på styrbord side, den andre gjennom moonpool
• Dynamisk posisjoneringssystem DNV AUTRO (IMO-klasse III/DP3)
• Integrert brusystem
• Elektrisk utstyr, Ulstein-leveranse: Tavler, Ulstein COM-kommunikasjonssystem
• Ulstein X-Bow-skroglinjedesign
Les meir om Island Performer i Maritimt Magasin nr. 8/14 som er få kjøpt frå 21. august.
Relaterte artikler
- 
    
- 
                                                            Vard skal bygge mer for Island Offshore28.08.2024
- 
    
- 
                                                            DeepOcean chartrer ombygd offshorefartøy09.01.2024
- 
                                                            Island Offshore digitaliserer hele sin flåte16.09.2021
- 
                                                            Island Discoverer er døypt og levert01.06.2021
- 
                                                            Island Victory døypt og rett i arbeid10.02.2020
- 
                                                            Island Venture levert19.01.2017
- 
                                                            Dobbeldåp for Island Offshore08.11.2014
- 
                                                            Island Offshore kontraherer hos Vard03.10.2014
- 
                                                            Island Offshore bestiller hos Vard23.05.2014
- 
                                                            Subseakjempe til Siem Offshore24.02.2014
- 
                                                            Island Offshore bestiller kjempeskip27.01.2014
- 
                                                            Island Offshore kontraherer avansert fartøy29.11.2013
- 
                                                            Største skip frå Ulstein25.11.2013
- 
                                                            Kongsborg døpt i Stavanger17.06.2013
- 
                                                            Island Offshore bygger på Ulstein20.12.2012
- 
                                                            Ulstein leverer ny Viking30.08.2012
- 
                                                            Island Offshore bestiller hos STX29.06.2012
- 
                                                            Island Intervention døypt i dag12.08.2011
- 
                                                            Ulstein selger til Island Offshore20.05.2011
- 
                                                            Storkontrakt til Ulstein Verft11.02.2011
- 
                                                            Island Enforcer levert fra Bergen Group BMV17.09.2010
- 
                                                            Nytt tilskudd til Island Offshores flåte26.06.2009
- 
                                                            Island Constructor levert26.05.2008
