Nyheter
Island Wellserver årets skip 2008
UT 767CD Island Wellserver er kåra til Årets Skip 2008. Statssekretær i nærings- og handelsdepartementet, Rikke Lind, stod for overrekkinga av prisen på den internasjonale skipsfartsmessa i Hamburg tidlegare i dag, og juryen gratulerer med det dei betegnar som eit avansert og grensesprengande fartøy.
Det er bladet Skipsrevyen som står bak kåringa. Island Wellserver er av Rolls-Royce design, type UT 767CD, og vart bygd av Aker Yards, Langsten for Island Offshore. Fartøyet vart levert våren 2008, og er no på oppdrag for StatoilHydro. 
- Vi i Rolls-Royce har gått steg for steg saman med Island Offshore i dette prosjektet, og vi er minst like stolte av det nye flaggskipet som redar og verft, seier Svein Kleven, design sjef ved Ship Technology- Offshore. - Dette har vore ein vinn-vinn situasjon der vi alle har heva vår kompetanse saman. Å få ein slik anerkjenning for arbeidet vi har gjort, gjer veldig godt. Vi er stolte av designet vårt, og mange timars arbeid ligg bak. I dag har vi lov å lene oss litt tilbake, og vere fornøgde med jobben som er gjort.
I si grunngjeving legg juryen særleg vekt på at Island Wellserver opererer i eit nytt markedssegment, og at teknologien som må på plass for at eit skip skal kunne utføre lett brønnintervensjon er banebrytande. Dei seier vidare at det er ei bragd å gjennomføre dette, og skipet illustrerer den ledande rolle Noreg har, også internasjonalt, innan maritim innovasjon. Dette er kun mogleg fordi Noreg har rederi- og fagmiljø som er villige til å strekke seg mot markedsmessige og teknologiske horisontar. At skipet er bygd 100 % til norske forhold hevar det over andre tilsvarande innretningar, og vart vektlagt av juryen.
Relaterte artikler
- 
                                                            Medstraum Ship of The Year06.09.2022
- 
    
- 
                                                            Island Discoverer er døypt og levert01.06.2021
- 
    
- 
                                                            Ro Vision ble Årets skip02.09.2020
- 
                                                            Kandidatene til Ship of the Year er klar08.06.2020
- 
                                                            Island Victory døypt og rett i arbeid10.02.2020
- 
                                                            NIS-skip kåret til Tanker Ship of the Year27.11.2019
- 
                                                            Color Hybrid er Årets Skip04.06.2019
- 
                                                            Ble Årets Skip30.05.2017
- 
                                                            Vision of The Fjords ble årets skip07.09.2016
- 
                                                            Skandi Africa kåret til Årets skip02.06.2015
- 
                                                            Juanita kåret til Årets skip20.02.2015
- 
                                                            Kongsborg døpt i Stavanger17.06.2013
- 
                                                            Årets skip 2013 – Seven Viking04.06.2013
- 
                                                            Årets Skip 2012 – Far Solitaire05.09.2012
- 
                                                            Eidesvik AS vant Heyerdahl-prisen 201131.05.2012
- 
                                                            Årets Skip 2010 - Skandi Aker08.09.2010
- 
                                                            Island Constructor Ship of the Year 200821.08.2008
