Jomfrutur med verdas største gassferge

Publisert: 04.01.2012
kleppa-040112.jpg
Gudmor Magnhild Meltveit Kleppa


Det var ei tydeleg stolt Gudmor og samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa som kasta glans over jomfruturen til verdas største gassferge i går. Fergen, Boknafjord blir sett inn i rute på Boknafjorden i sambandet Arsvågen-Mortavika i Rogaland – og vil i tillegg sikre at Halhjem-Sandvikvåg-sambandet i Hordaland no får ei reserveferge. Trafikken på desse fergesambanda har auka svært mykje sidan Fjord1 tok over driftsansvaret i januar 2007.

Statens vegvesen, som er Fjord1 sin kontraktspart på sambandet, bestilte den nye gassferga på grunn av stor trafikkauke i området. Den nye ferga vil sikre auka kapasitet på sambandet Arsvågen-Mortavika, og vidare bidra til at fergene på Halhjem – Sandvikvåg får avløysing ved behov. Dermed vil ei sjette gassferge i området også sikre at det blir slutt på at C-ferga vert kansellert på Halhjem-Sandvikvåg-sambandet. C-ferge merkinga går dermed ut av rutetabellen frå årsskiftet.

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa påpeikar at den nye ferga vil gi ein ny kvardag for brukarane av sambandet. – Dette er ein gledesdag for trafikantane. Med denne tredje ferga i operasjon på Boknafjorden sikrar vi avgang kvart 20. minutt – samanlikna med kvar halvtime som er dagens løysing.

Konsernsjef i Fjord1, Leif Øverland er svært nøgd med å få løyst utfordringane i takt med trafikkutviklinga. – Utan denne løysinga ville det blitt aukande kapasitetsproblem etter at T-forbindelsen er på plass.

Oppdragsgjevar, Statens vegvesen, ser óg fram til at den sjette gassferga no vert sett inn i trafikk. – Trafikkveksten på desse to sambanda har vore mykje kraftigare enn prognosane våre viste ved oppstart av kontrakten i 2007. Køar og ventetider har tidvis vore lenger enn det vi ønskjer å tilby trafikantane våre. Difor ser vi fram til at den nye gassferga kjem i drift, og gratulerer Fjord1 med nybygget, seier seksjonsleiar Øyvind Haaland på Veg- og transportavdelinga i Statens vegvesen Region vest.

I 2011 brukte 2,2 millionar køyretøy dei to sambanda, og samla tal reisande var vær nær fem millionar. Ved planlagde verkstadopphald og driftsproblem elles vil ei av dei tre fergene på sambandet Arsvågen-Mortavika også vere reservefartøy for Bjørnefjorden. Sambandet Arsvågen-Mortavika vil då gå etter rutetabell som gjeld i dag.

Øverland viste til at dette er også er ein stor dag for miljøet, ettersom dei naturgassdrivne fergene er svært miljøvenlege med redusert NOX-utslepp på om lag 90%. – Vi er opptatt av å ha minst mogleg negativ innverknad på miljøet vi operer i og synes difor det er gledeleg at styresmaktene har eit sterkt fokus på miljøvenlege former for energibruk i anbodssamanheng, seier Leif Øverland, konsernsjef i Fjord1.

– Vi har eit auka fokus på miljø i alle ledd i selskapet, og ser fram til å ta i bruk denne moderne og framtidsretta ferga i vår rutetrafikk, seier adm. direktør i Fjord1 Fylkesbaatane Stig Kristoffersen. Fjord1 Fylkesbaatane er operatør av desse gassfergene.

Den nye gassdrivne ferga er designa av Multi Maritime AS i Førde og har ei total lengde på 129,9 meter, ei største bredde på 19,2 meter og ein kapasitet på 242 personbilar eller 22 vogntog i kombinasjon med personbilar. Ferja har plass til 600 passasjerar inkl. mannskap. Ferga er bygd iht. Det Norske Veritas klasse, har ei dødvekt på vel 1350 tonn og er på vel 7500 bruttotonn. Vidare er skipet utrusta med fire azimuth thrustere som vert drivne av eit gass-elektrisk anlegg beståande av tre store LNG gass motorar og vekselstrømgeneratorar. Gassmotorane vil gje ein servicefart på over 20 knop.

Les omtale av Boknafjord i Maritimt Magasin nr. 1/2012 som er i butikkene 19. januar.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler