Jupiter - Leda - Vega og Venus

Publisert: 04.01.2024

Gjennom heile 1900-talet var Englandsruta Bergen – Stavanger – Newcastle sjølve symbolet på det livsviktige sambandet over Nordsjøen mellom Vest-Noreg og Nord-England. Etter at Nordenfjeldske trekte seg ut etter første verdskrig, var ruta synonymt med Det Bergenske Damp-skibsselskab, med skip og  skipsnamn som vart allemannseige: Venus, Vega, Jupiter og Leda.

Alle namn har vore brukt på fleire skip: Venus i 1893, 1931, 1966 (og 1989), Jupiter i 1916, 1966 (1990 og 1997), Vega i 1895 og 1938 og Leda i 1920 og 1953. Våren 2023 var det med andre ord 85 og 70 år sidan dei to siste med namna Vega og Leda kom til Bergen for første gong. Datoane er litt spesielle: Vega la til ved Skoltegrunnskaien 17. mai, Leda gjorde det same 9. april.

Dei første Venus og Vega var bygde i 1893 og 1895 for dei kombinerte Nordsjø- og turistrutene som Bergenske og Nordenfjeldske utvikla i fellesskap frå slutten av 1800-talet fram til første verdskrig. Som sjølve arbeidshesten mellom Bergen og Newcastle gjennom ein mannsalder fekk Venus tilnamnet “Nordsjøtrikken”. Vega fekk eit kortare livsløp, den einaste av englandsbåtane som gjekk tapt under første verdskrigen, innhenta og senka av ein tysk ubåt 16. november 1916.

I januar same året vart den første Jupiter levert frå Lindholmens Verkstad i Göteborg. Medan dei hittil største englandsbåtane hadde mykje til felles med vanlege, mindre kystruteskip, gav Jupiter med sine 2652 brutto registertonn og store overbygning eit imponerande inntrykk. Både i storleik og standard vart Jupiter prototypen, både ut- og innvendig, for både Bergenskes og andre Englandsbåtar.

Les mer om englandsbåtene i Maritimt Magasin Historie nr. 01-2024, i salg fra 4. januar.



Bladet distribueres gjennom Tidsam i Norge, Sverige og Danmark. Kjøp bladet i nærmeste butikk eller bestill abonnement nå!
 
Finner du ikke bladet i hyllen? Si fra til betjeningen at Maritimt Magasin Historie mangler! Antall utsalgsteder og blader i hyllen tilpasses etter etterspørsel. De fleste butikksjefer setter pris på tilbakemeldinger fra sine kunder, så ikke vær redd for å si fra.

Olav Giske

olav[a]maritimt.com

Relaterte artikler