Nyheter
Kjemperesultat frå Ulstein Group
Publisert: 12.03.2010
.
Ulstein Group sine foreløpige tal syner at konsernet oppnår eit svært godt resultat i 2009. Selskapet har ei omsetning på heile 3,6 milliardar kroner og eit driftsresultat på 520,9 millionar kroner.
- Vi er svært glade for å kunne presentere gode resultat i ei tid som elles er utfordrande. Kommersialisering av design- og utstyrspakkar, bygginga ved eige og andre verft samt elektro- og kontrollsystem har gitt oss god inntening dei siste åra. Dette gir oss eit viktig grunnlag for å halde frammed å bygge eit robust konsern, sjølv om vi og må tilpasse oss ein utfordrande marknad, seier konsernsjef Gunvor Ulstein.
Årsaka til dei gode resultata skyldast i hovudsak at ein har hatt fokus på leveringspresisjon og kostnadskontroll i alle ledd. - Vi har ein svært solid organisasjon med mykje kompetanse som er utvikla over tid. Vi har hatt god prosjektstyring og gjennom dette oppnådd måla som er sett innanfor dei viktigaste områda våre, seier Ulstein.
Dei siste åra har Ulstein Group investert opp mot 100 millionar kroner per år på forsking, utvikling og innovasjon. Gunvor Ulstein understrekar at Ulstein Group skal fortsette å vere ein pådrivar for nyskaping og innovasjon. - Saman med våre medarbeidarar og aktørar i den maritime klynga skal vi halde fram med å sjå etter muligheiter og utvikle fleire produkt og tenester i toppklasse internasjonalt. Vi skal fortsatt gjere visjonar om til verkelegheit innan krevjande marine operasjonar, avsluttar Gunvor Ulstein.
Ved utgangen av 2009 var ordreboka på 2,95 milliardar kroner i Ulstein Group. Ulstein Group sine foreløpige hovudtal for 2009:
Driftsinntekter: 3,59 milliardar kroner (2008: 3,21 mrd kr)
Driftsresultat: 520,9 millionar kroner (2008: 371,9 mill kr)
Ordinært resultat før skatt: 518 millionar (2008: 431,1 mill kr)
Relaterte artikler
-
Ulstein med gode tal for 2023
24.06.2024 -
Ulstein Groups resultat påverka av pandemien
23.06.2023 -
Godt resultat for Ulstein Group
13.05.2015 -
Solide tal for Ulstein
29.04.2014 -
Gode tal for Ulstein
25.04.2013 -
Solide tal og bonus ved Ulstein
24.05.2012