Nyheter
Kleven bygger PSV for Ugland
Publisert: 09.12.2011
Kleven Maritime har inngått kontrakt med offshore-reiarlaget Ugland Offshore om bygging av eit avansert plattformservice-fartøy som skal utrustast ved Myklebust Verft i Sande kommune. Leveringsdato er sett til 29. juni 2012.
– Dette er ein svært kjærkomen kontrakt for alle oss i Kleven Maritime, og spesielt for våre tilsette ved Myklebust Verft. Denne kontrakten er med på å sikre kontinuitet i bemanninga til våren, seier konsernsjef Ståle Rasmussen.
Den korte leveringsfristen skuldast at kontrakten er basert på eit skrog som allereie er under bygging i Polen, men det er fyrst no gjort avtale om kven som skal ha fartøyet ved levering.
J.J. Ugland-selskapa (JJUC) har saman med med-investorar etablert det nye selskapet Ugland Offshore, og er med det tilbake i offshoremarknaden. Frå før har Ugland bulk-fartøy, shuttle-tankarar, lekterar, operasjon av taubåtar og anna maritim verksemd.
Fartøyet er av typen VS 485 MK II PSV frå Wärtsilä Ship Design Norway, og Wärtsila skal i tillegg til design også levere generatorsett, automasjon og elektriske system.
Dødvekta på det nye fartyet er på om lag 5000 tonn, lengde 85 meter, breidde 20 meter, og med eit dekksarealet på over 1 000 m2. Klassenotasjon Clean Design sikrar lave utslepp ved katalysator på motorane, i tillegg er fartya utrusta med rensesystem for ballastvatn. Fartøyet har lett isklasse (ICE C), utstyr for oljevern (Oil Rec), og er utrusta for standby-tenester og redningsoppdrag.
Kleven Maritime har ein ordrereserve på 11 skip til ein samla verdi på over 4 milliardar kroner.
Relaterte artikler
-
Olympic bestiller hos Kleven
26.05.2014 -
Kleven sikra enda ei kontrakt med Olympic
15.06.2012 -
Kleven fekk ny Ugland-kontrakt
06.06.2012 -
Eidesvik kontraherer hos Kleven Maritime
05.06.2012 -
Ny kontrakt til Kleven Maritime
09.06.2011 -
Kjempekontrakter til Kleven Maritime
06.07.2010