Kleven Maritime er blitt til Kleven

Publisert: 28.08.2012
kleven-280812.jpg
Kjersti Kleven og Ståle Rasmussen


ONS/Stavanger: Asbjørg Giske

Kleven har gått tilbake til å heite Kleven etter å ha heitt Kleven Maritime ei periode. Lanseringa av det nye namnet og logen skjer på ONS. – Dette gjer vi for å vere tydelege og gjenkjennelege, og for å forenkle kommunikasjonen i marknaden og i lokalsamfunna vi operer i. Verfta våre heiter fortsatt Myklebust Verft og Kleven Verft, seier konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen.

Rasmussen seier at Kleven er eit familieeigd selskap, med djupe røter i dei lokalsamfunna vi held til i. – Selskapa i konsernet vårt har ei historie som strekkjer seg nesten hundre år tilbake i tid. Gjennom heile historia har viljen til hardt arbeid og eit ønske om å stadig forbetre arbeidsmetoder og resultat vore eit kjennemerke. No posisjonerer vi oss i ein aktiv marknad prega av tøff konkurranse gjennom modernisering av verksemdene våre på alle plan. Vi investerer i ny kunnskap, i nye anlegg og ny teknologi for å sikre at stolte skipsbyggingstradisjonar skal halde fram under merkenamnet Kleven, seier han.

Styreleiar Kjersti Kleven seier til Maritimt Magasin at det er blitt meir og meir viktig for dei å vere på ONS. Første gong dei hadde stand var i 2004. På standen sin har Kleven med ein modell av den nye flytedokka som no er operativ ved Myklebust Verft. I modellen av dokka er det ein skipsmodell som viser nybygget Sanco Swift, som skal leverast til Sanco Shipping sommaren 2013. – Her vil vi få heile skroget levert, sidan det skal utrustast på Myklebust, seier styreleiar i Kleven, Kjersti Kleven.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler