Kleven og Hareid satsar i Brasil

Publisert: 01.02.2012


Kleven Maritime og Hareid Group har gjennom sitt felles selskap Kleven Maritime Technology AS (KMT) inngått eit joint venture med den brasilianske verksemda Offshore Reparos Navais (ORN). ORN tilbyr service og reparasjon av offshorefartøy. Det nye joint venture-selskapet har fått namnet Kleven ORN, og selskapet skal tilby service på all maritim elektro.

– Det er stor etterspørsel etter tenester frå reiarlaga som opererer skip utanfor Brasil, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven Maritime. I dag er det 13 fartøy levert frå Kleven Maritime sine to verft, Myklebust Verft og Kleven Verft, i operasjon utanfor Brasil. ORN har også mange norske og internasjonale kundar, noko som opnar ein større marknad.

– Det er Hareid Group og Kleven Maritime sin kvalitet vi skal selje til kundane i Brasil også, og vi vil nytte oss av all den interne ekspertisen vi har i desse to selskapa for å gje kundane den servicen dei etterspør, seier Ronald Dyrhol, konsernsjef i Hareid Group.

Jan Arild Vik er første mann på plass i Kleven ORN. Han flyttar til Brasil i løpet av dei næraste vekene, og den erfarne skipselektrikaren skal vere ansvarleg for oppbygginga av tilbodet til kundane i den viktige og veksande brasilianske marknaden.

– Det å få vere med og bygge opp noko frå starten av er ei svært spennande muligheit. Planen er å vekse raskt, både med lokalt personell og tilsette frå Noreg, fortel han.

Den maritime service- og reparasjonsverksemda ORN har vore i offshoremarknaden sidan 1981, og har 130 tilsette. Kleven ORN skal leige kontor, verkstadhall og lager ved ORN sitt anlegg i Niterói, Rio de Janeiro.

Asbjørg Giske

asbjorg[a]maritimt.com

Relaterte artikler