Nyheter
Kleven-verft skal bygge boligcruiseskip
Publisert: 20.05.2020
DIV Shipbuilding, som eig Kleven Verft i Norge og verftet Brodosplit i Kroatia, skal bygge ein residensyacht: M/Y Njord – "A yacht with a purpose"- Etter gjennomføringa av dei konseptuelle design- og prosjekteringstrinna, har Ocean Residences Development Ltd. (ORD) tatt eit betydeleg skritt framover i dei neste stadia i utviklinga av M/Y Njord – «The Finest Address. Everywhere in the World».
Begge verfta skal jobbe med bygginga av dette unike boligskipet med ein spektakulær størrelse, meir enn 290 meter langt. Brodosplit vil vere ansvarleg for størstedelen av stålkonstruksjonen til skroget, samt ein betydeleg andel av dei tekniske installasjonane. Skroget skal deretter vidare til Kleven Verft for å fullføre alle tekniske installasjonar og interiør fram til levering i 2024.
STOLT
– Mitt selskap er stolte over å vere involvert i bygginga av denne spektakulære private yachten, som Ocean Residences Development Ltd skal bygge. Alle tilsette i DIV Shipbuilding både i Brodosplit og Kleven er stolte av å samarbeide og jobbe med dette prosjektet, seier Tomislav Debeljak, styreleiar og administrerande direktør i DIV Group.
Debeljak held fram: -I disse usikre tider er eg glad for å bekrefte at vi har full støtte frå myndigheitene i både Kroatia og Norge, som deler vår interesse for dette viktige prosjektet. Det kjem til å sysselsette tusenvis av dyktige menneske i åra som kjem i mange fagfelt, alt frå sveisarar til ingeniørar.
GLAD
Styreleiar og administrerende direktør i Ocean Residences Development Ltd., Kristian Stensby, seier:
– Eg er veldig glad for å bekrefte signeringa av ein avtale mellom selskapet vårt og DIV Shipbuilding. DIV Shipbuilding er utnevnt til det offisielle verftet for å utføre bygginga av den ikoniske residensyachten M/Y Njord. Yachten skal innehalde 118 utsøkte boligar som vil skape eit av dei mest filantropiske miljøa i verda.
Stensby held fram:
– Det neste spanande kapittelet i M/Y Njord si utvikling er milepålen når prosjektet går over frå teiknebrettet til konstruksjon. DIV Shipbuilding er ein yacht- og skipsbyggar i verdsklasse med eit rykte på seg på å bygge svært sofistikerte superyachtar, passasjerskip og andre spesialbygde fartøy. Som ein stolt nordmann frå ein nasjon med ein historisk skipsbyggingstradisjon og djupe røter i passasjerskipsindustrien, er eg strålande fornøgd med støtta og engasjementet frå fleire norske selskap inkludert Sjøfartsverket. Yachten vil gå med NIS-flagg.
– Nesten heile industrien og samfunnet rundt begge verfta er avhengige av den maritime sektoren. Arbeidet med design og konstruksjon av M/Y Njord vil kome tusenvis av lokale familiar til gode ved å skape meir enn fem millionar arbeidstimar. I tillegg vil det i stor grad bidra til ytterlegare forbetring av forsking og innovasjon av maritime aktivitetar i Kroatia og Noreg, samt til å forbetre det vitskapelege og teknologiske potensialet i skular og høgskular. Dessutan har Ocean Residences Development etablert, som sentralt i deira visjon, ønsket om å konstruere det mest teknisk avanserte fartøyet i industrien som vil flytte dei ytre grensene når det gjeld bærekraft, teknisk innovasjon og utsleppsstandardar. Ein visjon som passar perfekt til kunnskapen vi har både i Noreg og Kroatia, avsluttar Zoran Kunkera, CBO i DIV Shipbuilding.
MILJØKRAV
Helge Hermundsgard frå DNV GL Norway, verdas leiande klassifiseringssamfunn og rådgjevar for den maritime næringa, seier at M/Y Njord vil vere eit fartøy designa for å oppfylle dei strengaste miljøkrava både for levering og for framtida. Fartøyet vil bli drevet av state of the art dual fuel motorar, med tankkapasitet for MGO og LNG, batteri, varmegjenvinningssystem og avanserte styringssystem. For å sikre at fartøyet er framtidsretta, vil motorane og drivstofftankane vere klare for enkel konvertering, for å dra nytte av framtidig drivstoff med lavare eller nøytralt karbonavtrykk.

Relaterte artikler
-
Kleven får kroatisk eigar
20.01.2020 -
Bygges ikke i Norge likevel
01.06.2018 -
Johan Castberg-overbygget fra norske verft
13.02.2018 -
Vard bygger nytt servicefartøy
03.11.2017 -
Vard bygger for Røkke
02.05.2017 -
Vard Søviknes skal levere cruiseskip
12.08.2016