Kontrakt på fjerde cruiseskip for SunStone

Publisert: 27.02.2019
ulstein_design_cruiseskip_sunstone.jpg
Det fjerde fartøyet til SunStone Ships vil bli chartra av Vantage Cruise Line. illustrasjon Ulstein Group
Reiarlaget SunStone Ships har signert sin fjerde skipbyggingskontrakt på eit ekspedisjonscruiseskip i Infinity-serien. Fartøyet, som skal byggast på CMHI-verftet i Kina, er eit CX103-design med X-Bow og er designa av Ulstein Design & Solutions AS.

Designkontrakten for SunStone Ships var den første cruisekontrakten for Ulstein. Den patenterte skipsbaugen X-Bow var opphavleg utvikla for gode sjøeigenskapar ved tøffe verforhold, men har også ein fordel ved at han gir meir plass i baugområdet. Denne plassen har på cruiseskipa blitt utnytta til romslege salongar med eineståande utsikt, heiter det i eit presseskriv frå Ulstein.

Til Skandinavia
Vantage Cruise Line har chartra det fjerde fartøyet, Ocean Explorer, og har til no planlagt cruise til stader som søraust-Asia, Middelhavet og Skandinavia.
Infinity Class-fartøya er 104,4 m lange og 18,4 m breie. Dei har passasjerkapasitet på 130-200, og mannskapskapasitet på 85-115. Skipet er lite nok til å gi ei eksklusiv atmosfære, og stort nok til å kunne by på det meste av forventa tenester og fasilitetar, mellom anna jacuzzi, bar og restaurant, boutique, utandørskino, treningsstudio og spa. Skipet har mykje utstyr for utandørsaktivitetar, til dømes syklar, padlebrett og kajakkar, samt små ilandsettingsfartøy.

Infinity-prosjektet er eit samarbeid over landegrenser, der reiarlaget, chartraren og interiørdesignarane held til i USA, skipsdesignet er utvikla I Noreg, og skipsbygginga går føre seg i Kina.

Det første fartøyet i denne serien på potensielt ti skip, Greg Mortimer, er i sluttfasen før planlagt levering 3. kvartal 2019.

Skip 1: Greg Mortimer
Skip 2: Ocean Discoverer
Skip3: Ocean Victory
Skip 4: Ocean Explorer
Skip 5-10: Opsjonar

Kurt Vadset

Relaterte artikler