Nyheter
Kontraktar i fleng til Island Offshore
Publisert: 14.03.2014
Island Offshore held fram med å vinne kontrakter. Berre i løpet av dei fire siste månadane har rederiet sikra seg nye kontraktar, og forlengelsar av eksisterande, verd nærare ein milliard kroner.
– Vi er godt nøgde med desse kontraktene, inngått med strategiske og viktige kundar. Vi har ein attraktiv flåte å tilby markedet, og i løpet av 2014 tek vi levering av tilsaman fem nybygg, der tre alt er under kontrakt, seier befraktningssjef Hallgeir Linge Reitan i Island Offshore.
Island Pride (UT 737 CD) er tildelt ein fem månaderskontrakt med Maersk Oil. Island Pride er fortsatt under ferdigstilling og skal leverast i slutten av mars 2014 frå Vard Brevik. Maersk Oil er ein ny kunde av Island Offshore, og fartøyet skal utføre walk-to-work oppdrag.
Også Island Crown (UT 776 CD) har fått kontrakt på walk-to-work arbeid, med ei kontraktslengde på to månader. Kontrakta er med Trianel Windkraft Borkum Gmbh & Co. KG, som også har ytterligare opsjonar på fartøyet. Som eit ledd i å vinne denne kontrakten har Island Crown kjørt eit omfattande testprogram offshore med stor suksess.
– Vi set pris på at Trianel vel å skrive kontrakt med oss etter testperioden før jul. Dette viser at dei har tru på fartøyet og oss som tenesteleverandør, og det er eit steg for oss inn i eit marked vi ynskjer å vere i, nemleg fornybar energi, seier Linge Reitan.
Vidare har Stimwell tildelt Island Patriot (P105) nye to år med brønnstimulering for selskapet. Dette er forlengelse av ei kontrakt som har løpt sidan båten vart ombygd til dette formålet i 2010.
Nybygget Island Dragon (UT 717 CD) som skal leverast i juni har blitt tildelt ei kontrakt med Lundin Norway i forbindelse med operasjon på Edvard Grieg feltet. Kontrakta gjeld for 12 brønnar. Lundin Norway har også riggen Island Innovator på kontrakt, samt dei to gassdrivne supplyfartøya Island Contender (UT 776 CDG) og Island Crusader (UT 776 CDG) som skal supportere riggen.
Søsterskipa til Island Dragon bevegar seg derimot mot varmare strøk, for kontrakter med Kosmos Energy og Anadarko. Island Duke (UT 717 CD) har nett teke til på ein 90 dagars jobb i Marokko for Kosmos Energy. Seinare på våren kjem også Island Duchess (UT 717 CD) og Island Dawn (UT 717 CD) sørover. Desse kontraktene er forventa å beskjeftige kvart av fartøya i omlag 200 dagar, med moglegheit for ytterligare forlenging.
– UT 717 CD designet har blitt veldig godt motteke i markedet, og alle dei fire båtane våre i serien har fått seg arbeid. At tre av dei no set kursen mot Afrika er ein ny milepæl for oss, sidan vi hovedsakleg har halde til i Nordsjøen, seier Linge Reitan.
Relaterte artikler
-
Tildelt oppdrag verdt inntil 1,8 milliarder
23.06.2020 -
Har signert milliardkontrakt
20.10.2017 -
DOF sikrer milliardkontrakter
28.09.2015 -
Milliardkontrakter til Farstad
29.10.2013 -
Milliardkontrakt til Subsea 7
11.02.2011 -
Milliardkontrakt til Eidesvik
30.04.2008